måndag 28. september 2009

Hot N Cold

.
...i desse oppgåveskrivingstider kunne eg gjerne tenke meg
å ha ein kopp som holdt kaffien varm litt lenger enn 15 minutt.



Derfor ønske eg meg termokoppa, FINE termokoppa.
Gjerne slike frå Eva Solo. :) E'kje det snart jul?
.

onsdag 23. september 2009

Let it rain!

.
Regnet høljar ned her i Stavanger, og det er vel egentlig ingen fare for at det sluttar med det første. Men deeeeet gjer vel ingenting tingeling, når eg har bestilt meg vanntett Bergansjakke?


E' svart kjedelig, sa du? Det enkle er ofte det beste. ;)
.

laurdag 5. september 2009

One night at Harry Pepper

.Annette, Indre, Mostak og Jan @ Harry Pepper.


I går hadde vi en morsom kveld på byen med klassen! Knut sto for serveringa på Harry Pepper, og vi fekk smake ekte (!) Tequila
på ein heilt ny måte (nesten som vinsmaking faktisk). FUN! Må innrømme at eg ikkje smakte så veldig mykje, det var jammen nok å berre lukte på den! ;)

A fun night with funny people,
looking forward to the pizzaparty at Mostak's place next week!
.

tysdag 1. september 2009

Boktips: Jenta som lekte med ilden

.

Eg har nettopp lest ferdig bok nr. 2 i Stieg Larsson sin Milennium-serie, og den er HEILT fantastisk. På slutten var det nesten umulig å legge den i frå seg.

I dag er det berre 17 dagar igjen til Jenta som lekte med ilden har premiere på kino, så det betyr at du har tid til å lese den viss du ikkje allereie har gjort det!
.

måndag 31. august 2009

Syltetøyglaset og to koppar kaffi...

.
Fikk denne på mail frå mamma,
og syns den var så fin at eg vil dele den med dåkke;


Når tingene i ditt liv virker nesten uoverkommelige; når 24 timer pr. dag
ikke er nok, så husk syltetøyglasset og kaffen...

En dansk professor stod foran sine filosofistudenter med noen ting foran
seg. Da timen begynte, tok han uten å si et ord, et meget stort og tomt
syltetøyglass fram og begynte å fylle det med golfballer. Da han hadde gjort
det, spurte han klassen om glasset var fullt, og de var enige om at det var.

Så tok professoren en kasse med småstein fram, og begynte å helle dem ned
i glasset. Han ristet glasset lett, så småsteinene fordelte seg imellom
golfballene. Deretter spurte han igjen studentene om glasset var fullt, og
det mente klassen at det var.

Deretter tok professoren en kasse med sand fram og begynte å helle den opp
i glasset. Sanden fylte naturligvis de resterende hulrommet i glasset. Igjen
spurte han om det var fullt. Klassen svarte enstemmig ja., Til slutt tok
professoren to kopper kaffe og helte dem begge ned i glasset. Hulrommet som
var mellom sandkornene, ble nå effektivt fylt. Studentene lo.

"Nåvel", sa professoren, da latteren var stilnet av. "Hvis dere nå
forestiller dere, at dette glasset representerer deres liv. Golfballene er
de viktige ting i livet - deres familie, kjærester, barn, helse, venner og
yndlingspasjoner - de ting som, selv om alle andre ting gikk tapt, og bare
disse tingene var tilbake, likevel ville gjøre deres liv fullkomment.
Småsteinene er de andre tingene, som betyr noe - sånn som jobb, hus, bil
osv.. Sanden er alle de andre småting".

Professoren fortsatte: "Hvis dere putter sanden ned i glasset først, er
det ikke plass til verken småsteinene eller golfballene. Det samme gjelder i
livet. Hvis dere bruker all deres energi og tid på de små ubetydelige
tingene, får dere aldri plass til det som er viktig for dere. Vær oppmerksom
på de ting, som er avgjørende for deres lykke. Lek med barna. Pass på
helsen! Inviter deres partner på middag. Ta enda en runde på golfbanen.

Det vil alltid være tid til at gjøre huset rent og ordne avløpene. Ta dere
av golfballene først - de ting som virkelig betyr noe. Få styr på det dere
vil prioritere - resten er bare sand.

"En av studentene rakte hånden i været og spurte hva kaffen representerte.
Professoren smilte: "Jeg er glad for at du spør. Det er bare for å vise, at
uansett hvor fylt ditt liv synes å være, så er det alltid plass til et par
kopper kaffe sammen med en venn".

.

Sesongstart

.
Mandagen er her igjen, og vi er klare for 6 timar
Research Methodology and Philosophy.
Ikkje veldig motiverande å tenke på, men det berre MÅ bli ein bra dag likevel sidan sesong 5 av Grey's Anatomy startar i kveld.
Æ GLÆDE MÆ!



Trudde først det skulle gå både mandagane og tirsdagane i heile haust, men det er visst berre dei to første vekene,
før tirsdagane blir Grey's sin kveld som før.

.

søndag 30. august 2009

90s

.
Eg trur eg må få tak i den CD'en her og mimre litt.
Jamie Walters, Whigfield og Scatman John;
heile ungdomstida mi i eit nøtteskal jo!

Betyr denne CD-utgivelsen at eg er begynt å bli gammal?
.

laurdag 29. august 2009

Veskeshopping

.
Når hausten er komen, og regnet høljar ned,
er det lov å skjemme vekk seg sjølv, ikkje sant?
Litt iallefall...

Kjøpte meg ny veske i dag. Elsk ♥
Alt for mange fristelsar her i Stavanger...

Bildet lyge litt på fargen, den er mykje finare in real life!

La oss sjå på det som en gratulerer-med-ny-jobb-gave,
frå meg sjølv, til meg sjølv. :)
.

torsdag 27. august 2009

Kremmer-Henriette

.


Eg har fått meg deltidsjobb på Kremmerhuset her i Stavanger,
og gleeeer meg som en liten unge til å starte!

Det er ein av dei finaste butikkane eg veit om, og eg kjem nok til å blakke meg før løna vert utbetalt. Men kjekt skal det bli!

No veit dåkke iallefall kor julegåvene 2009 kjem i frå. ;)
.

tysdag 25. august 2009

Multikulturelt studie

.
Då var vi tilbake i Stavanger etter ein finfin Rhodostur. Har hatt litt startvanskar, og måtte stå over den første forelesinga då ei matforgifting (e.l.) ikkje har gjett slepp på magane våre enno.

I dag var vi på skulebenken igjen, og dette ser ut til å bli eit spennande år. Klassen består av studentar frå minst 15 ulike nasjonar, ei god blanding frå Kazakhstan, Nepal, Russland, Bangladesh, Tyrkia, Iran, Kina, Malaysia osv. Synst det er utruleg at dei kjem til lille Stavanger for å studere turisme.

Studieåret starta med navneleikar og kommunikasjonsaktivitetar, just my kind of thing - eller ikkje. Men det var morsomt og vi lærte alle navna, nåke som faktisk ikkje er berre-berre i denne klassen. ;)
.

fredag 14. august 2009

Rhodos it is!

.
Weeeeeeeeee!
Impuls-Henriette og Impuls-Jan har bestilt seg tur til Rhodos,
og reiser om 31 timar. Vanlegvis blir mine ferieturar bestilt og betalt eit halvt år i forvegen. Kva skjer?

Men dette berre bli bra;
30 grader, sol, strand, gresk salat, mojitos og sand i sandalane...
EG GLEDA MEG!

...misunneleg?
.

torsdag 13. august 2009

Stavanger vs. Rhodos

.


vs.




Det er fristande å hoppe på et fly til Hellas neste veke!
Don't be surprised if we do...
.

It's a boy!

.Gratulerer så mykje til Eva & Kim
som i natt vart foreldre til ein liten gut.
Ingen fortenar det meir enn dåkke. ♥

Gleda meg til å helse på det vesle mirakelet,
trur nesten vi må prøve å få til ein Trondheimstur i haust! :)
.

tysdag 11. august 2009

Forandring fryder?

.
Eg har sakna dei fine bølgene i håret mitt
sidan dei forsvann etter bryllaupet..


Kanskje eg skal gå til innkjøp av ei bølgetang,
eller ta permanent permanent? Hmm. :)

.

laurdag 8. august 2009

Haustjakke

.Om eg har lyst på denne? Mhm!
.

fredag 7. august 2009

Idyll

.
Berre ein kort rusletur i frå leilegheita ligg Vaulen.
Små søte strender, deileg sand og fine svaberg.
No vil vi ha sol og varme. :)



.

torsdag 6. august 2009

På plass!

.
Endeleg er vi komne sopass i orden at det går an å vise fram delar av leilegheita, herleg å sleppe å vasse i papp, plast, skruar og verktøy.

Vi (ja faktisk!) har gjort ein solid innsats dei siste dagane, og kunne nok hevda oss bra i ein eventuell møbelmonteringskonkurranse.


Vi har montert seng, spisebord og stolar, salongbord,
lampar og handklehylle på badet. I tillegg har vi skifta ut gardiner,
og hengt opp bilete. Det som gjenstår no er berre pynting i form av lys, dukar og blomster, trur kanskje det blir mi oppgåve?! ;)


.

onsdag 5. august 2009

Tour de Vestlandet

.

Då var vi på plass i Stavanger,
og vi hadde ein nydeleg tur nedover.

Eg har aldri vore sør for Bergen (i Noreg vel å merke...),
så det var kjekt å oppleve litt nytt.



Dagane går for det meste i handling og montering av møblar,
men vi nærmar oss innflytta og utpakka.
Eg har null overskudd for tida,
så det blir godt å bli heilt ferdige og få litt ferie.


.

søndag 2. august 2009

Pakkedag

.
Dagen i dag skal brukast til å pakke, rydde,
og kvitte seg med unødvendige ting.
Deretter skal vi skvise alt pikkpakket inn i den vesle
flyttecaravellen, før turen går til Stavanger I MORGON!

Sommaren forsvann visst på null komma niks.
Godt å tenke på at vi skal ha ferie i tre veker
før skulen startar 24. august.
.

laurdag 1. august 2009

Turistlei

.

Den siste månaden har det stort sett gått i jobbing på turistinfo,
og eg merkar at eg er ein smuuuule lei av turistar.
Godt å tenke på at idag er siste dagen på jobb.

No gjenstår kun litt (mykje) pakking
før turen går til Stavanger på måndag.
Sommarfuglarimagen!
.

onsdag 29. juli 2009

Ingeborg ♥ Bjarte

.
Bryllaupshelga flaug avgarde, og vi hadde det utruleg koseleg.
Den store dagen vart perfekt, og alt var slik som det skulle vere;

brura var vakker,


brudgommen felte ei tåre (eller 10) når ho kom opp kyrkjegolvet,


ho fekk regn (og roseblad) i sløret på kyrkjetrappa,


blikkboksane løsna frå brudebilen på veg til festen,


maten var fantastisk god,
og det var ikkje minst mange rørande taler.



Ei perfekt feiring for det vakre brudeparet.
Gratulerer så mykje, Ingeborg & Bjarte ♥


Har låne-stjelt bileta frå Stig Arild Ulvedal Nes,
all honnør til han for dei fantastiske bileta!

.

torsdag 23. juli 2009

Summerhit '09

.



Denne går omatt og omattatt på spelelista mi.
Trur det vert årets sommarlåt. For meg iallefall.
ME ♥ IT
.

onsdag 22. juli 2009

La regnet pøse ned!

.
...om det skal fortsette å regne,
så må eg egentlig berre skaffe meg ein slik ein! :)

(nesten så eg håpar på at regnet skal pøse ned?)

Frå HM sin haustkolleksjon
.

Where art thou?

.
Sol, sol, kom igjen!
Sola er min beste venn.
Bort med skyer, paraplyer,
hold nå opp å regne!

Det hjalp sist, eg prøvar igjen ;)

.

måndag 20. juli 2009

Girls' Night Out

.
Laurdag var det utdrikningslag, og vi kosa oss masse heile dagen.

Koselig frokost, deilig SPA, morosam photoshoot, høglydt Quackle, masse reker, enda meir vin, nærgåande kveps, rødvinstenner, jenteprat, latter og sang. Kvelden vart avslutta med bålkos, myggstikk, "tyrkisk straffe" og allsang i Lodalen. Perfekt.

Håpar den komande brura kosa seg like mykje som meg.
Takk for ein fin dag, jenter!
<3
.

torsdag 16. juli 2009

New Shoes

.
Då var jakta over, og det nyaste tilskotet til skofamilien er i hus. Er spent på om eg klarar å gå med dei heile bryllaupsdagen, så den neste veka skal eg bruke til å lære meg å gå med høge helar.
.

onsdag 15. juli 2009

Prøvepynting

.
No merkast det godt at det nærmar seg bryllaup. I går var det prøvepynting på Sandane. Gler meg å sjå det ferdige og perfekte resultatet. Kun 10 dagar igjen! *sommarfuglar i magen*

.

tysdag 14. juli 2009

Sushi

. Gløymte så klart å ta bilete, så dette har eg lånt, men det såg heilt likt ut! ;)

I går åt eg sushi for første gong. Men eg var litt pysete, så det vart berre sushi med reker for min del. Med pinnar vel og merke. Vanskeleg nok berre det.

Etter som dei andre uttrykte at soyasausen nesten (?) er det viktigaste i sushi, og eg ikkje kan ete den (bombe), prøvde eg ikkje sushi med ørret. Men det såg godt ut also...!
.

måndag 13. juli 2009

Sommarrevy 09

.
Hadde ein heilt fantastisk kveld ilag med jentene (og gutane) mine på laurdag. Koseleg vorspiel hos Anne Reidun, morosam revy, og fantastisk allsong. Er berre så synd at vi samlast så sjeldan. Men når vi først samlast blir det alltid suksess!

Har lova meg sjølv å bli flinkare til å ta meir bilete, men den gong ei. Tok eitt bilete laurdag. Skjerpings Henriette! No er det opp til fleire store happenings framover, så eg berre bli flinkare. Vi startar med Sushi hos Ingeborg i kveld, hjelp?
.

onsdag 8. juli 2009

Roller Babies

Sjølv om eg ikkje likar det heilt, så eg dessverre vere litt copycat i dag. Hoyesen la ut denne reklamefilmen på bloggen sin, og eg syns den var så hysterisk morsom at eg må vise den til dåkke. Herlig! :)

søndag 5. juli 2009

Skojakt

.
Eg er på jakt etter sko til forloverkjolen min, og som kjent er eg ikkje lite kresen på sko. Fann desse som eg trur ville passa fint. Men det skal ikkje vere enkelt å finne dei heromkring, må nok utanom fylket. Typisk.

Gler meg til å bu i Stavanger og ha litt meir utval i både kle og sko. Er mindre enn ein månad til vi flyttar no!! :)

.

torsdag 2. juli 2009

A

.

Framifrå prestasjon som klart utmerkar seg.
Viser stor grad av sjølvstende.


Synst forresten at det tar seg endå betre ut på engelsk;

An excellent performance, clearly outstanding. The candidate demonstrates excellent judgement and a high degree of independent thinking.


Need I say more...? ;)

Eg smile iallefall frå øyre til øyre!
Løn for strevet, kallast det.
.

tysdag 23. juni 2009

Filmtips: Australia (2008)

.

Lady Sarah Ashley reiser frå aristokratiet England til det fjerne Australia, for å finne ut kva mannen hennar eigentleg driv med på den andre sida av jorda. Når ho kjem fram finn ho ektemannen drept, og ein stor kveggard midt i audemarka er overleten til henne. Ho møter Drover, ein barsk kvegdrivar og ein innfødd gut, Nullah, som begge fascinerer henne. Dei legg ut på ei reise gjennom verdas vakraste landskap, men i bombinga av Darwin vert idyllen knust; dei kjem i frå kvarandre, og må kjempe for å finne tilbake til kvarandre og kjærleiken.






Vakkert.
.

måndag 22. juni 2009

søndag 14. juni 2009

Filmtips: The Curious Case of Benjamin Button

.
Her kjem endå eit filmtips i frå meg;

The Curious Case of Benjamin Button er ei utruleg historie om ein mann som vert fødd gammal og vert yngre og yngre for kvart år som går. Brad Pitt spelar rolla som Benjamin, og gjer det med glans.

You won't regret seeing it.

.

fredag 12. juni 2009

Rydde & Vaske & Pakke

.
Sit i skrivande stund midt på golvet i ein haug med gamle forelesningsnotatar som burde ha vore satt i perm for lengst.
Eg lærer aldri.


Vi er på veg til å flytte i frå Sogndal,
og no er tida koma for å rydde, kaste og mimre.



Det har vore tre lærerike år på alle frontar, og det siste halve året har Tonje og eg lagt sjela vår i den o'store bacheloroppgåva. Var godt å levere, og håpar det blir like godt å få resultatet. Fingers crossed.


.