søndag 31. mai 2009

Bacheloravslutning

.

HSF - Reiseliv
Bachelor 2006 / 2009, Sogndal


Vi nærmar oss slutten av bachelorstudiet,
og hadde torsdag offisiell avslutning
med fotografering, god mat og diplom-og-rose-overrekking.

Litt vemodig og litt godt å snart vere ferdig i Sogndal etter tre år.



Fine bunadsjentene i klassen.


Jan min og meg.

Meg og Tonje mi. Og så Knut då. ;)


.

torsdag 21. mai 2009

Bergenhelg

.
Tenkte eg ville dele litt snapshots med dåkke,

frå den fine helga vi hadde i Bergen.

Koselig tapas hos Jorid & David

Grand Prix-sigeren vart feira med nydeleg marsipankake

Jan fekk viljen sin, og fekk ta på 17.mai-sløyfe. ;)

Slappa av på Zachen og lot gnagesåra kvile..

Takk til alle involverte for overnatting, bespisning og opplevingar,
og Ingeborg som ville dele bileta sine med meg. :)

Håpar alle hadde ein like fin 17. mai som vi hadde. Hipp hurra!
.

onsdag 20. mai 2009

Sneak Peek :)

.
Det skulle vise seg å ikkje vere så enkelt,
men etter mykje om og men fekk eg omsider kjøpt
"forloverkjole" i Bergen i helga. :)

Ikkje heilt enkelt å ta bilete av seg sjølv,
men eg har no gjort eit forsøk...


Litt dumme fargar på bilete, er derfor eg ser so bleik ut... Mhm.
Note to self: Bli brun før 25. juli.
.

torsdag 14. mai 2009

Fairytale gone bad?

.
Eg er verken MGP-fan eller Aleksander Rybak-tilhengar,
men ein kan no ikkje unngå å få med seg litt
når annakvar sak i både radio, tv og på nettet handlar om dette.


Kom over ein sak der det sto at produksjonsselskapet Dinamo allereie har booka Telenor Arena til norsk MGP-finale neste år. Og med det trur eg at dei har øydelagt for seg sjølv. Eller jinxa det, som enkelte ville sagt. Når dei er så "høge på pæra" og sikre på at han skal vinne, eg er ganske sikker på at han ikkje gjer det.

For Mr. Rybak sin del håpar eg at eg tek feil. ;)
.

Go ananas!

.

Når ikkje Norsk Tipping ringer, er det lov å trøstespise litt.
Men trøstespising treng faktisk ikkje vere usunt.

Ananasen som er i butikkane no er utruleg god!

Den er i tillegg stappfull av sjukdomsbeskyttande plantestoff,
er ei god kjelde til vitamin A og C, og har desse eigenskapane;
  • hjelper blodet å koagulere
  • lettar fordøyinga
  • er kreftforebyggande
  • er betennelseshemmande
  • er sårlegande
.

onsdag 13. mai 2009

I wish...

.

No om dagen består tankane mine stort sett av
bacheloroppgåva og kva eg skal ta meg til med når den er ferdig.

Ein ting veit eg;
alt hadde sett mykje lysare ut
om Norsk Tipping hadde ringt meg i kveld.

Fingers crossed!
.

fredag 8. mai 2009

Husmortriks 1

.

I "gamledage", det vil seie når foreldra mine var unge, eksisterte husmorskulen fortsatt, og der lærte mødrene våre alt som skulle til for å bli gode husmødre.

Om husmorskulen burde eksistert i dag, er ein anna diskusjon, men av og til føler eg at eg kunne trengt det. Det er mykje ein skal lære på den lange vegen mot å bli husmor, og i dag har eg lært eit triks som gjer at eg er eitt skritt nærare. Trur eg iallefall...


Søndag er det konfirmasjon, så i morgon skal eg stryke bunadskjorte, og har i den anledning lagt bunadskjorta i frysen(?).
Mi kloke tante
(som òg har gått husmorskulen) har fortalt at det skal gjere det lettare å stryke skjorta. Forrige gong brukte eg ikkje mindre enn tre timar.

Stay tuned - fleire husmortriks vil kome etter kvart.
.

måndag 4. mai 2009

Filmtips: Changeling (2008)

.

Los Angeles, mars 1928: Det er laurdag morgon og aleinemora Christine Collins (Angelina Jolie) tar farvel med sin ni år gamle son, Walter, før ho reiser på jobb som telefonoperatør. Men då Christine kjem heim opplever ho alle foreldre sitt verste mareritt - Walter er sporlaust forsvunne.


Ho startar å leite etter han, utan resultat, og Walter forblir sporlaust forvunne heilt til politiet, 5 månadar seinare, returnerer ein gut som hevdar å vere son hennar.
Blenda av alt kaoset med politi, journalistar, fotografar og hennar eigne motstridande kjensler bestemmer Christine seg for å ta med denne guten heim.
Men i hjertet sitt veit ho at dette ikkje er Walter...



Filmen er basert på ei sann historie, og verkeleg verd å sjå!
Historia er fengslande, skodespelarane dyktige,
og filmen er rett og slett gjennomført all the way.
.

søndag 3. mai 2009

Verdas Latterdag

.

3. mai er verdas latterdag, og det må jo feirast. :D

...her kjem vitsen som er kåra til verdas beste!

"Et par karer fra New Jersey var på jakt i skogen da den ene av den plutselig stupte over ende i lyngen. Det virket ikke som han pustet, noen puls var det ikke mulig å kjenne. Den andre jegeren dro frem mobiltelefonen sin og ringte redningssentralen. Da han endelig fikk svar, ropte han:

- Vennen min er død! Han puster ikke, og det er ingen puls.
Hva skal jeg gjøre?


Operatøren på redningssentralen prøvde å roe ham ned,
og sa med dempet stemme:


- Ta det rolig nå, så skal vi se hva vi kan gjøre.
Først av alt, er du sikker på at han virkelig er død?


Vent litt, svarte jegeren. Det ble stille noen sekunder før det hørtes et skudd. Så kom jegeren tilbake i telefonen og sa:

- OK, han er død. Hva gjør jeg nå?"

..hohoho :) Ha ein fin søndag med latter og glede!
.

laurdag 2. mai 2009

Bursdagsgutten Min

♥ Jan Azar ♥


Vil gratulere verdens finaste, beste,
søtaste og snillaste kjæreste med dagen.

Eg ♥ deg.
.