laurdag 11. april 2009

Jogge-Henriette?

.
Då var det gjort. Desse joggeskoa er endeleg på veg til meg!
Stygt redd for at eg må begynne å jogge no. Haha.

Tusen takk til alle sponsorane mine,

de har gjort ei god investering i helsa mi. ;)
.

fredag 10. april 2009

Eksamensvêr

.

Neste fredag har eg min siste eksamen som bachelorstudent.
Og eksamensvêret er på plass. Det slår aldri feil.
Alltid like kjekt å sitte inne og lese når sola skinne. Jippi. :)
.

torsdag 9. april 2009

Menn Som Hater Kvinner (2009)

.
I går vart det kjærestedate på kino;
Jan ♥, meg og "Menn som hater kvinner".
Fantastisk film! Gler meg verkeleg til å sjå dei to oppfølgjarane som har premiere på kino i september og november. Can't wait.

Anbefalar både filmen og kinosalen i det nye operahuset på Nordfjordeid på det sterkaste. Med berre 100 seter, og fantastisk gode stolar, set dei utan tvil kvalitet framfor kvantitet. We like.
.

tysdag 7. april 2009

Pomeranian ♥

.
Har de sett noko so nydeleg?
Ein vakker dag skal ein slik ein bli min. ♥
.

søndag 5. april 2009

I ♥ Nike

.
Eg har store planar om å begynne å jogge.
Ja, du leste riktig; JOGGE!
Etter tre år med spinning er eg klar for litt forandring.
Men motivasjon må ein ha - i form av treningsutstyr frå Nike.


Har lyst på desse Nike+ Løpeskoa,
og sensor og mottaker som forandrar Ipod'en til ein løpecomputer.
Eg trur det kan gje meg den motivasjonen eg treng.

Løpetightsen var ikkje so verst den heller. ;)
Tenk å bli sponsa av Nike, det må vere draumen!
.

laurdag 4. april 2009

Sol ute, sol inne

.

For en heeeerlig dag!
Har tilbragt dagen på kafé ilag med gode vennar.
Nyyydelig sol og supert selskap.
Perfekt dag, og bedre skal den bli...
.

fredag 3. april 2009

Blomster og bier

.

Det er i skrivande stund strålande sol og 15 grade ute.
Verandadøra står opa, og eg burde vel ærleg talt ikkje sitte inne.
Ahhh. Det er så utruleg herleg med sol.

.