torsdag 16. juli 2009

New Shoes

.
Då var jakta over, og det nyaste tilskotet til skofamilien er i hus. Er spent på om eg klarar å gå med dei heile bryllaupsdagen, så den neste veka skal eg bruke til å lære meg å gå med høge helar.
.

onsdag 15. juli 2009

Prøvepynting

.
No merkast det godt at det nærmar seg bryllaup. I går var det prøvepynting på Sandane. Gler meg å sjå det ferdige og perfekte resultatet. Kun 10 dagar igjen! *sommarfuglar i magen*

.

tysdag 14. juli 2009

Sushi

. Gløymte så klart å ta bilete, så dette har eg lånt, men det såg heilt likt ut! ;)

I går åt eg sushi for første gong. Men eg var litt pysete, så det vart berre sushi med reker for min del. Med pinnar vel og merke. Vanskeleg nok berre det.

Etter som dei andre uttrykte at soyasausen nesten (?) er det viktigaste i sushi, og eg ikkje kan ete den (bombe), prøvde eg ikkje sushi med ørret. Men det såg godt ut also...!
.

måndag 13. juli 2009

Sommarrevy 09

.
Hadde ein heilt fantastisk kveld ilag med jentene (og gutane) mine på laurdag. Koseleg vorspiel hos Anne Reidun, morosam revy, og fantastisk allsong. Er berre så synd at vi samlast så sjeldan. Men når vi først samlast blir det alltid suksess!

Har lova meg sjølv å bli flinkare til å ta meir bilete, men den gong ei. Tok eitt bilete laurdag. Skjerpings Henriette! No er det opp til fleire store happenings framover, så eg berre bli flinkare. Vi startar med Sushi hos Ingeborg i kveld, hjelp?
.

onsdag 8. juli 2009

Roller Babies

Sjølv om eg ikkje likar det heilt, så eg dessverre vere litt copycat i dag. Hoyesen la ut denne reklamefilmen på bloggen sin, og eg syns den var så hysterisk morsom at eg må vise den til dåkke. Herlig! :)

søndag 5. juli 2009

Skojakt

.
Eg er på jakt etter sko til forloverkjolen min, og som kjent er eg ikkje lite kresen på sko. Fann desse som eg trur ville passa fint. Men det skal ikkje vere enkelt å finne dei heromkring, må nok utanom fylket. Typisk.

Gler meg til å bu i Stavanger og ha litt meir utval i både kle og sko. Er mindre enn ein månad til vi flyttar no!! :)

.

torsdag 2. juli 2009

A

.

Framifrå prestasjon som klart utmerkar seg.
Viser stor grad av sjølvstende.


Synst forresten at det tar seg endå betre ut på engelsk;

An excellent performance, clearly outstanding. The candidate demonstrates excellent judgement and a high degree of independent thinking.


Need I say more...? ;)

Eg smile iallefall frå øyre til øyre!
Løn for strevet, kallast det.
.