tysdag 11. august 2009

Forandring fryder?

.
Eg har sakna dei fine bølgene i håret mitt
sidan dei forsvann etter bryllaupet..


Kanskje eg skal gå til innkjøp av ei bølgetang,
eller ta permanent permanent? Hmm. :)

.

laurdag 8. august 2009

Haustjakke

.Om eg har lyst på denne? Mhm!
.

fredag 7. august 2009

Idyll

.
Berre ein kort rusletur i frå leilegheita ligg Vaulen.
Små søte strender, deileg sand og fine svaberg.
No vil vi ha sol og varme. :)



.

torsdag 6. august 2009

På plass!

.
Endeleg er vi komne sopass i orden at det går an å vise fram delar av leilegheita, herleg å sleppe å vasse i papp, plast, skruar og verktøy.

Vi (ja faktisk!) har gjort ein solid innsats dei siste dagane, og kunne nok hevda oss bra i ein eventuell møbelmonteringskonkurranse.


Vi har montert seng, spisebord og stolar, salongbord,
lampar og handklehylle på badet. I tillegg har vi skifta ut gardiner,
og hengt opp bilete. Det som gjenstår no er berre pynting i form av lys, dukar og blomster, trur kanskje det blir mi oppgåve?! ;)


.

onsdag 5. august 2009

Tour de Vestlandet

.

Då var vi på plass i Stavanger,
og vi hadde ein nydeleg tur nedover.

Eg har aldri vore sør for Bergen (i Noreg vel å merke...),
så det var kjekt å oppleve litt nytt.



Dagane går for det meste i handling og montering av møblar,
men vi nærmar oss innflytta og utpakka.
Eg har null overskudd for tida,
så det blir godt å bli heilt ferdige og få litt ferie.


.

søndag 2. august 2009

Pakkedag

.
Dagen i dag skal brukast til å pakke, rydde,
og kvitte seg med unødvendige ting.
Deretter skal vi skvise alt pikkpakket inn i den vesle
flyttecaravellen, før turen går til Stavanger I MORGON!

Sommaren forsvann visst på null komma niks.
Godt å tenke på at vi skal ha ferie i tre veker
før skulen startar 24. august.
.

laurdag 1. august 2009

Turistlei

.

Den siste månaden har det stort sett gått i jobbing på turistinfo,
og eg merkar at eg er ein smuuuule lei av turistar.
Godt å tenke på at idag er siste dagen på jobb.

No gjenstår kun litt (mykje) pakking
før turen går til Stavanger på måndag.
Sommarfuglarimagen!
.