torsdag 26. februar 2009

Baaarcelooonaaa

.
Om 10 dagar pakkar kjæresten & eg kofferten
og tek ei lita ferieveke i Barcelona.


Har lenge hatt lyst til å besøke byen, og no passa det seg endeleg.
(hurra for bachelorskriving og mykje fritid! :)


Dette er våre planar - for now - lista blir nok lenger...
  • Sjå Barcelona - Lyon på Camp Nou - fotball ja!
  • Obligatorisk sightseeing - La Sagrada Familia, Arc De Triomphe, Gaudi, Montjuic osv.
  • Zoo de Barcelona / L'aquarium de Barcelona - me love
  • Las Ramblas - SHOPPING!
  • Alimento y bebido ;) - lange frokostar, seine middagar, tapas, vin, kaffi...ahhh
  • Sol & Strand - Ja eg håpar på 25 grade og sol! Oooooptiiimiist. Okei, 15 grader er meir realistisk. Men det er lov å håpe.

Eg er for tida på leiting etter enda fleire things-to-do-and-see i den vakre byen.
Tar gjerne i mot tips om stort og smått. :)

.

måndag 23. februar 2009

Veka 09 - The Lovell Sisters

.
I går kveld fekk vi nok ei nydeleg konsertoppleving her i vesle Sogndal.


The Lovell Sisters leverte ein utruleg bra konsert,
og imponerte både instrumentalt og vokalt. Me love. ♥



I frykt for å aldri få høyre jentene igjen, måtte eg berre kjøpe CD'en. Nydeleg!

Sniklytt på min foreløbige favoritt "Blowin' Away",
den gjev iallefall meg gåsehud.

søndag 22. februar 2009

Spenstig tredjedrakt?

.
Sogndal si rosa tredjedrakt slo verkeleg an i fjor.
I år har dei,
i følge seg sjølve, slått til med ein enda spenstigare (?) farge,
nemlig lime.

Bilete lånt i frå Sogndal Fotball.

Kan ikkje sei at eg er overbegeistra for fargen ut i frå det bileta viser.
Håpar den ser litt betre ut in real life. Eller kanskje er det berre ein vanesak?
.

Veka 09 - Girls' Night

.
Veka 09 starta for min del torsdag,
med Eva & The Heartmaker og Marit Larsen.


Dei gjor en finfin oppvarmingskonsert,
og skulle gjerne fått holdt på lenger for min del.
Veldig veldig kjekt å sjå Anne Marte på scena. ♥
Eva & The Heartmaker har fått eit mykje tøffare preg,
og eg gler meg til plata kjem, forhåpentlegvis om ikkje lenge.


Kvelden fortsatte med ein nydelig konsert av Marit Larsen, og eg trur faktisk at samtlege som var på Meieriet den kvelden vart positivt overraska.
Det vart iallefall eg. Jenta er jo søt tvers igjennom!

Høgdepunktet på konserten var for min del "
Under the Surface",
når frøken Larsen stoppa å synge, kun for å nyte publikum som sang med
. Herleg!


Bileta har eg forresten tatt sjølv, med mitt eksepsjonelle mobilkamera,
difor den gode kvaliteten. Jehu.
.

måndag 16. februar 2009

Hove - here we come?

.
Som Tonje har proklamert på bloggen sin;
The Killers kjem til Hovefestivalen 23. juni!

Eg vil, eg vil, eg vil.

Men hallo? 1850 kroner er litt mykje å betale for festivalpass når det er éin konsert eg vil sjå. Satsar på at dagspassa snart vert lagt ut, eller at Hove kan friste med fleire gode band etter kvart. Kjenner eg dei rett, så vil dei det.

Eg er iallefall klar for å legge ferien til Hove og Arendal i juni. Wanna join?
.

søndag 15. februar 2009

Frelst?

.
Annakvar laurdag tilbringe eg dagen på jobb.
Men vakta i går vart litt utanom det vanlege...

Eg sto i kassa som vanleg, ekspederte
desperate menn med valentinsbukettar, og ante fred og ingen fare. Plutseleg sto det to jenter framfor meg, og smilte. Smilte veldig. Ho eine spurte om ho kunne få lov å seie noko til meg. Eg kunne no ikkje akkurat seie nei. Og der kom det:

"Eg vil berre seie det at Gud elskar deg.
Gud elskar å sjå at du smiler.
Gud elskar å sjå at du ler."

What?! Om eg fekk bakoversveis? Jepp. Vart rett og slett stum, og fekk ikkje fram eit ord. Såg sikkert ganske lost ut.


Så kjem spørsmålet...
"Kjenner du Jesus?" Kva svarar ein på noko slikt då? Joda, her har du svaret: "Om eg kjenne han? Ehm, eg veit no iallefall kem han e." Okei, bra Henriette. Sikkert akkurat det svaret ho hadde forventa og håpa på.

"Eg fekk ein beskjed om å seie til deg at Jesus og Gud har håp for deg og framtida di." Ehm, hjelp? Skal eg bli redd no? Eg vart iallefall heilt satt ut, og klarte ikkje å sei anna enn takk. Takk? Men what to say, liksom? Min medarbeidar Linn Tove og eg kunne ikkje anna enn å le når dei rusla ut frå senteret. Vi lo så tårene rann. Kanskje vart vi frelste eller var det berre ein heilt absurd situasjon på jobb. Kven kveit.

Altså, eg er veldig usikker på kva eg trur, og ikkje trur på. Men det eg
veit at eg trur på, er skjebnen. Everything happens for a reason. Det er ei meining med alt som skjer.

Kva trur du?
.

Bursdagsgutten Inge


Inge 17 år :)


Min gode og søte mellomste lillebror har bursdag i dag.

Gratulerer so mykje med den store dagen.
.