tysdag 31. mars 2009

Påskevêret 2009

.
To Whom It May Concern / Kjære Gud (?)


Vil herved legge inn ei bestilling på
påskevêret 2009 i perioden 1.-14. april.
( ergo - når eg ikkje har planar om å gjere skulearbeid)



Hadde vore fint med blå himmel og sol,
men dersom temperaturen stig nokre grader,
og skiløypene ser slik ut, gjer ikkje det noko heller.



På førehand takk!

Beste helsing
Henriette-lei-av-regn-og-slaps.
.

fredag 27. mars 2009

I ♥ U

..

torsdag 26. mars 2009

Rotnorsk Glamour

.
Simen Staalnacke og Peder Børresen er designerane og gründerane bak klesmerket Moods of Norway. Frå Stryn skal moteskaparane no erobre USA med klesdesign basert på norsk kultur og historie.


Sjå historia deira på NRK i kveld kl. 19.55.

Og ja, Stryne-patriot er mitt mellomnamn.

.

Dagen derpå, dagen derpå

.
Då har eg endeleg fått summa meg etter den store dagen,
og kan trygt seie at det var ein av dei betre bursdagane eg har hatt.



Kjæresten over alle kjæresta overraska meg med deilig middag,
og for spesielt interesserte; menyen bestod av
gresk salat med fantastisk heimelaga tzatziki
og biff med nydelege fløtegratinerte poteter.

Eg er verkeleg heldig som har ein så flink mesterkokk-kjærest. ♥




Seinare hadde vi koseleg kake & kaffi-besøk. Eg fekk fine bursdagspakka' og Tonje hadde laga veeldig god prinsessekake til meg! Sjokoladekaka klarte eg faktisk å lage heilt sjøl, spesielt stolt av den svært avanserte pyntinga. Tjoho. Trur forresten vi har kakerestar til over påske. Feel free to invite yourselves... :)
.

tysdag 24. mars 2009

9131 dagar gamal :)

.
Fra kalenderen:

  • 24/3-1984 er en lørdag
  • Dette er den 84. dagen i året 1984

  • Hvor lang tid har gått siden 24/3-1984?

  • Ca. 788918400 sekunder
  • Ca. 13148640 minutter
  • Ca. 219144 timer
  • 9131 dager
  • 1304 uker
  • 25 år

  • Astrologi:

  • Stjernetegn for 24/3-1984: Væren
  • Kinesisk: 1984 er Rottens år


  • Hva skjedde i 1984?

  • 1 kg poteter kostet kr 1,67 i engros
  • Sverige vant Melodi Grand Prix
  • Ronald Reagan var president i USA
  • 4 134 353 mennesker bodde i Norge 1/1-1984
  • Det fantes 1 994 302 registrerte motorkjøretøy i Norge

  • Fakta om mennesker født 24/3-1984:

  • Hjertet har slått ca. 920 millioner slag
  • Hjertet har pumpet ca. 65743 tusen liter blod
  • Har pustet inn ca. 78892 tusen liter luft
  • Hver av fingerneglene har vokst ca. 196 centimeter
  • Kroppen har kvittet seg med ca. 22800 liter vann
  • .

    søndag 22. mars 2009

    I ♥ Greengate

    .

    Eg har lenge leita etter dei perfekte tekoppane,
    og no trur eg at eg har funne dei.

    Har iallefall forelska meg i ein serie...
    Greengate har utruleg mykje fint.



    Har spesielt falt for koppane utan hank..


    Og det fine er at ein kan kombinere stripete, blomstrete,
    rutete og prikkete utan at det blir feil. Me ♥.

    .

    laurdag 21. mars 2009

    Kor vart tida av?

    .
    No har det seg slik at min første store bursdag nærmar seg med stormskritt. (dvs. litt for fort) Og i følge fødselsattesten er det snart berre 75 år igjen til eg er 100. Shit, kor vart tida av?

    Uansett, det eg vil fram til er at når ein har "stor" dag er det lov å kjøpe gåve til seg sjølv. Er det ikkje? Eg har iallefall gjort det. ;)



    Klarte ikkje bestemme meg for farge, så derfor tok eg begge.
    Billig & bra passar fint til mi lommebok.
    Så no ventar eg berre på sommaren...



    Og når ein ikkje får blomster, må ein kjøpe blomster sjølv.
    Fekk inn desse søte små på jobb, og kunne ikkje motstå dei. I ♥ Orchids.


    .