onsdag 29. juli 2009

Ingeborg ♥ Bjarte

.
Bryllaupshelga flaug avgarde, og vi hadde det utruleg koseleg.
Den store dagen vart perfekt, og alt var slik som det skulle vere;

brura var vakker,


brudgommen felte ei tåre (eller 10) når ho kom opp kyrkjegolvet,


ho fekk regn (og roseblad) i sløret på kyrkjetrappa,


blikkboksane løsna frå brudebilen på veg til festen,


maten var fantastisk god,
og det var ikkje minst mange rørande taler.



Ei perfekt feiring for det vakre brudeparet.
Gratulerer så mykje, Ingeborg & Bjarte ♥


Har låne-stjelt bileta frå Stig Arild Ulvedal Nes,
all honnør til han for dei fantastiske bileta!

.

torsdag 23. juli 2009

Summerhit '09

.



Denne går omatt og omattatt på spelelista mi.
Trur det vert årets sommarlåt. For meg iallefall.
ME ♥ IT
.

onsdag 22. juli 2009

La regnet pøse ned!

.
...om det skal fortsette å regne,
så må eg egentlig berre skaffe meg ein slik ein! :)

(nesten så eg håpar på at regnet skal pøse ned?)

Frå HM sin haustkolleksjon
.

Where art thou?

.
Sol, sol, kom igjen!
Sola er min beste venn.
Bort med skyer, paraplyer,
hold nå opp å regne!

Det hjalp sist, eg prøvar igjen ;)

.

måndag 20. juli 2009

Girls' Night Out

.
Laurdag var det utdrikningslag, og vi kosa oss masse heile dagen.

Koselig frokost, deilig SPA, morosam photoshoot, høglydt Quackle, masse reker, enda meir vin, nærgåande kveps, rødvinstenner, jenteprat, latter og sang. Kvelden vart avslutta med bålkos, myggstikk, "tyrkisk straffe" og allsang i Lodalen. Perfekt.

Håpar den komande brura kosa seg like mykje som meg.
Takk for ein fin dag, jenter!
<3
.

torsdag 16. juli 2009

New Shoes

.
Då var jakta over, og det nyaste tilskotet til skofamilien er i hus. Er spent på om eg klarar å gå med dei heile bryllaupsdagen, så den neste veka skal eg bruke til å lære meg å gå med høge helar.
.

onsdag 15. juli 2009

Prøvepynting

.
No merkast det godt at det nærmar seg bryllaup. I går var det prøvepynting på Sandane. Gler meg å sjå det ferdige og perfekte resultatet. Kun 10 dagar igjen! *sommarfuglar i magen*

.