søndag 30. august 2009

90s

.
Eg trur eg må få tak i den CD'en her og mimre litt.
Jamie Walters, Whigfield og Scatman John;
heile ungdomstida mi i eit nøtteskal jo!

Betyr denne CD-utgivelsen at eg er begynt å bli gammal?
.

laurdag 29. august 2009

Veskeshopping

.
Når hausten er komen, og regnet høljar ned,
er det lov å skjemme vekk seg sjølv, ikkje sant?
Litt iallefall...

Kjøpte meg ny veske i dag. Elsk ♥
Alt for mange fristelsar her i Stavanger...

Bildet lyge litt på fargen, den er mykje finare in real life!

La oss sjå på det som en gratulerer-med-ny-jobb-gave,
frå meg sjølv, til meg sjølv. :)
.

torsdag 27. august 2009

Kremmer-Henriette

.


Eg har fått meg deltidsjobb på Kremmerhuset her i Stavanger,
og gleeeer meg som en liten unge til å starte!

Det er ein av dei finaste butikkane eg veit om, og eg kjem nok til å blakke meg før løna vert utbetalt. Men kjekt skal det bli!

No veit dåkke iallefall kor julegåvene 2009 kjem i frå. ;)
.

tysdag 25. august 2009

Multikulturelt studie

.
Då var vi tilbake i Stavanger etter ein finfin Rhodostur. Har hatt litt startvanskar, og måtte stå over den første forelesinga då ei matforgifting (e.l.) ikkje har gjett slepp på magane våre enno.

I dag var vi på skulebenken igjen, og dette ser ut til å bli eit spennande år. Klassen består av studentar frå minst 15 ulike nasjonar, ei god blanding frå Kazakhstan, Nepal, Russland, Bangladesh, Tyrkia, Iran, Kina, Malaysia osv. Synst det er utruleg at dei kjem til lille Stavanger for å studere turisme.

Studieåret starta med navneleikar og kommunikasjonsaktivitetar, just my kind of thing - eller ikkje. Men det var morsomt og vi lærte alle navna, nåke som faktisk ikkje er berre-berre i denne klassen. ;)
.

fredag 14. august 2009

Rhodos it is!

.
Weeeeeeeeee!
Impuls-Henriette og Impuls-Jan har bestilt seg tur til Rhodos,
og reiser om 31 timar. Vanlegvis blir mine ferieturar bestilt og betalt eit halvt år i forvegen. Kva skjer?

Men dette berre bli bra;
30 grader, sol, strand, gresk salat, mojitos og sand i sandalane...
EG GLEDA MEG!

...misunneleg?
.

torsdag 13. august 2009

Stavanger vs. Rhodos

.


vs.




Det er fristande å hoppe på et fly til Hellas neste veke!
Don't be surprised if we do...
.

It's a boy!

.Gratulerer så mykje til Eva & Kim
som i natt vart foreldre til ein liten gut.
Ingen fortenar det meir enn dåkke. ♥

Gleda meg til å helse på det vesle mirakelet,
trur nesten vi må prøve å få til ein Trondheimstur i haust! :)
.