tysdag 23. desember 2008

No har vi vaska golvet...og alt det der!

.

Huset er reint og fint, og klart for julefeiring. Alle julegåvene er i hus, og dei som skulle ut av huset er levert. Juletreet var ferdig pynta når eg kom heim frå siste innspurten i juleshoppinga i dag, og det var egentlig like greit, for det er ikkje mitt favorittgjeremål i ventetida. Det har faktisk allereie dukka opp nokre julepakkar under treet! Spennande! :) Pappa og lillebror sitte i sofaen og ser Alene Hjemme 2, og sjølv om det er 47. gong dei ser den, ler dei like godt.

Ribba (eller pinnekjøttet som enkelte likar å kalle det) skal snart leggast i vatn, slik at det er klart til morgendagens festmåltid. Det er godt å vere ferdig med alt stresset som høyrer med i tida før jul. Merkar at julekvelden nærmar seg med stormskritt no, så det blir godt å berre slappe av i morgon..


Julenissen brukar å kome på besøk med julesokkar til oss natt til julaftan. Så i kveld blir det å sette vekkerklokka på 7 (haha!). Spennande å sjå om han har vore der og julesokken heng på sengekanten når eg våknar. (Når eg blir "stor" skal eg forresten ha en peis eg kan henge dei på, det ser så koselig ut!) Deretter skal eg ta på meg den nye gode pysjbuksa, og benke meg framfor tv'en med julegodtet og få med meg alt av underholdning ut over dagen. Gledar meg! :)
.

4 kommentarer:

  1. sku gjerne hatt ein sånn peis ja..

    SvarSlett
  2. God jul snuppa!!!!
    Klem Jorunn

    SvarSlett
  3. Karoline: Vi får tenke på det når vi bygge oss hus i framtida ;)

    Jorunn: God jul til dåkke òg! :) Gje lille Eskil en julekos fra meg :)

    SvarSlett
  4. Awwwww ser ut som du har hatt noen koselige dager snuppa selv om det er mye stress!!! Jeg SKAL ha en slike peis en dag!!!!!! hehehe

    SvarSlett