fredag 16. januar 2009

Back to work(out)

.

Juleferien vart lenger enn lang, og grunna jobb og skule har eg ikkje kome i gong med treninga før i dag. Men du og du, den som ventar på noko godt ventar absolutt ikkje forgjeves. Sto opp litt seinare enn planlagt, (slumre-funksjonen på mobilen skulle aldri ha vore oppfunne!) heiv på meg treningskleda, og fekk i meg litt mat før eg sprang (okei, gjekk fort då) til Idrettssenteret for å møte min ihuga treningspartner Tonje.



Kolbjørn kjørte ei perfekt sykkeløkt, og vi svetta oss gjennom timen, før vi tok ein runde i styrkerommet og fekk pumpa litt. (Jeee! haha) No ligge eg flat som ei pannekake på sofaen og streva med å halde augene opne. Gjesp! :)

I kveld blir det lasagne og film med kjæresten, og quiz med gjengen!

Kryss fingrane for at vi ikkje kjem på siste plass. :P

Psssst! Eg treng ein treningspartner til Sykkel2 neste fredag klokka 10, nokon som melder seg frivillig? Alternativet er å tvinge nokon. Your choice.

4 kommentarer:

  1. gjekk quizen bra? :D
    eg kan kanskje vere med på sykkel 2, kanskje altso ;)

    SvarSlett
  2. Karoline: Yes, vi kom faktisk på 5. plass, til tross for at dåkke ditcha oss ;) Flott at du (kanskje) e med! :D

    SvarSlett