onsdag 15. april 2009

Midwest Skincare

.

No skal eg dele ut litt skryt igjen, denne gongen til Midwest Skincare i Chicago, Illinois. Eg fekk eit tips om at dei var billege og hadde rask levering, så det måtte prøvast.

Det var nesten for godt til å vere sant! Eg bestilte Bare Escentuals Light Foundation 9g, og med porto vart det totalt $27 som tilsvarar 180 norske kroner. Dersom du skal kjøpe denne i butikk i Noreg, må du ut med 430 kroner - heilt utruleg!


I tillegg hadde Stacey Midwest nedskrive verdien på innhaldet i pakken til $3,99, noko som kanskje tyder at ein kan ta sjansen på å bestille over tollgrensa på 200 kroner. Interessant.

Og rask levering? Ja, absolutt! Eg bestilte den 7. april, og pakken låg i postkassa den 14. Med alle heilagdagane som har vore, er det mildt sagt imponerande. Eg skal iallefall nytte meg av dei igjen, utan tvil.

.

3 kommentarer:

  1. Oi, det var jo ganske så imponerende ja!!!

    SvarSlett
  2. allergisk mot gulerot?? uff så kjedelig ;(
    men det er ikkje eg, så eg satsa på at det funker ;)

    SvarSlett