søndag 11. januar 2009

Mimring: Ocean Girl

.
Må berre mimre litt, huskar dåkke Ocean Girl?


Den australske serien handlar om jenta Neri, som er avhengig av å leve i sjøen, kommuniserer med kvalar, og vert kjent med vanlege menneske som bur på forskningssenteret ORCA.


Serien vart først sendt i 1994, når eg va sånn cirka 10 år gamal. ;) Det var iallefall svært spanande då, men trur eigentleg ikkje eg har forandra meg so mykje...

No sende dei den igjen på TV2 kvar laurdag og søndag klokka 10. Eg er ikkje særleg fan av å ha på vekkerklokka i helgene, men i dag berre måtte eg.

.

fredag 9. januar 2009

Dagens Outfit år 2000

.
Eg fekk litt inspirasjon fra Maricke si mimring, så no har eg sett gjennom gamle,
og fantastisk nydelege bilder frå den tida eg farga håret mitt mørkare enn mørkt.
Herregud.



På juleshopping i Ålesund, med prøving av dei styggaste kledene vi kunne finne.
Kjøpte ikkje buksene also.. Glad i meg no, Ingeborg? ;)

Ikkje heilt sikker på årstalet,
men det kan sjå ut som om det er i 1. klasse på vidaregåande.
Tenk at det snart er 9 år sidan eg var 16... Djizez.
.

tysdag 6. januar 2009

Vingle-Henriette

.
No har det seg slik at eg om sånn cirka 5 månadar og 5 dagar (forhåpentlegvis) har levert bacheloroppgåve. Med andre ord er eg då ferdig med mitt 16. (!) år på skulebenken. Kan ikkje forstå anna enn at eg burde vere litt glup etter kvart.

Det som no er mitt store spørsmål og dillemma, er kva eg skal ta meg til med når eg er ferdig med bachelorgrada mi i Turisme og Reiseliv. Skal eg studere endalittmeir? Eller skal eg prøve å finne meg ein relevant jobb? Kanskje begge deler.


Har sett litt på ulike mastergrader, men det er ingen som ropar namnet mitt. Kanskje fordi eg ikkje heilt veit kva dei ulike linjene går ut på, kva fag som er moglege å kombinere, og kanskje aller mest fordiat eg ikkje heilt veit kva eg vil.

Når det kjem til jobbsøking, må ein nesten berre ta det litt på sparket. Kjem til å leite litt og søke på alle relevante stillingar eg kjem over, i tillegg til å håpe at noko positivt kjem ut av bacheloroppgåve-arbeidet vårt. :) Hadde vore fint om den perfekte jobben berre datt ned i hendene på meg.


Ein kjem dessverre ikkje så langt med berre ein bachelorgrad i 2009, så sjansen for å få ein likandes jobb i turismebransjen aukar nok dersom ein har ei mastergrad. Så akkurat i dag hallar eg mot å ta ein master, men eg kjem sikkert til å ombestemme meg neste veke. Eg er ganske ubesluttsom. Vingle-Henriette, that's me.
.

Bursdagsguten Bernt

.
Bernt 20 år :)



Gratulerer so mykje med den store dagen
til min kjekke og snille bror Bernt.


.

måndag 5. januar 2009

Bursdagsjenta Eline

.
Eline 13 år :)



Gratulere so mykje med dagen til mitt søte og snille søskenbarn Eline


Eline, Tim og meg på Hogden i sommar.
.

laurdag 3. januar 2009

Jeg er ikke sint, jeg er bare veldig veldig skuffet.

.
Har falt heilt for den nydelige og morsomme reklamen til Miljøagentene,
han lille guten er so utruleg søt. :D



Den andre reklamen kan du finne her, den er nesten like søt den òg. :)
.

Lush imponerar!

.
Eg er verkeleg imponert over kor fort eg fekk varene i frå Lush Norge! Varene vart sendt tirsdag, og låg i postkassa mi fredag, til tross for heilagdagar og redusert postgang.

Etter som eg bestilte varer for ein viss sum, fekk eg tilsendt diverse juleprodukt gratis. Nice gesture! :)

Har ikkje prøvd nokon av dei enno, men det skal bli fint å bruke julesåpe utover våren, for å halde på den gode julefølelsen ekstra lenge. Eller kanskje eg berre burde spare dei til neste jul?

Fekk prøvd shampooen (I Love Juicy), balsamen (American Cream) og dusjsåpa (Yummy Yummy Yummy) i dag.

Shampooen imponerte; håret mitt har aldri føltest
reint før! Utruleg deilig! Klarar ikkje heilt å bestemme meg for om eg likar lukta eller ikkje, den minner meg om noko eg ikkje heilt klarar å sette namn på. Skal tenke litt på den...

Balsamen oppførte seg som ein vanleg balsam, men kjentest lettare og litt mindre feit. Godt forklart,
or not. Men lukta var lovely, og overdøyver lukta til shampooen, så no luktar håret mitt fantastisk. Hoho. :P

Dusjsåpa er faktisk Yummy, den snakkar for seg sjølv, og treng inga vidare beskriving... :)

Mitt første inntrykk av Lush er meget bra,
både på leveringstid, service og produktkvalitet.
Hipp Hurra! :)
.