Viser innlegg med etiketten Shopping. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Shopping. Vis alle innlegg

laurdag 3. januar 2009

Lush imponerar!

.
Eg er verkeleg imponert over kor fort eg fekk varene i frå Lush Norge! Varene vart sendt tirsdag, og låg i postkassa mi fredag, til tross for heilagdagar og redusert postgang.

Etter som eg bestilte varer for ein viss sum, fekk eg tilsendt diverse juleprodukt gratis. Nice gesture! :)

Har ikkje prøvd nokon av dei enno, men det skal bli fint å bruke julesåpe utover våren, for å halde på den gode julefølelsen ekstra lenge. Eller kanskje eg berre burde spare dei til neste jul?

Fekk prøvd shampooen (I Love Juicy), balsamen (American Cream) og dusjsåpa (Yummy Yummy Yummy) i dag.

Shampooen imponerte; håret mitt har aldri føltest
reint før! Utruleg deilig! Klarar ikkje heilt å bestemme meg for om eg likar lukta eller ikkje, den minner meg om noko eg ikkje heilt klarar å sette namn på. Skal tenke litt på den...

Balsamen oppførte seg som ein vanleg balsam, men kjentest lettare og litt mindre feit. Godt forklart,
or not. Men lukta var lovely, og overdøyver lukta til shampooen, så no luktar håret mitt fantastisk. Hoho. :P

Dusjsåpa er faktisk Yummy, den snakkar for seg sjølv, og treng inga vidare beskriving... :)

Mitt første inntrykk av Lush er meget bra,
både på leveringstid, service og produktkvalitet.
Hipp Hurra! :)
.

onsdag 10. desember 2008

Dark Purple Dress

.
Har hatt ein koseleg dag i lag med Renate og Sara i Olden, vi trilla dukkevogn, leika med dukker, og såg Teletubbies. Merkar at eg savnar å vere i barnehagen, så det er godt eg har Sara å leike litt med. :)

Fekk HM-pakken min i dag, og min
nydelige lilla kjole. Eg elskar den! Kjolen forutset at eg ikkje et i jula, så no framover blir det ingen utskeiingar, meeeen eg trur den er verdt det. :D No må eg berre finne sko og tilbehør. I sølv eller svart eller ein anna farge?? Gje meg gjerne eit tips eller to!


Ikkje det beste bildet, kjolen er skrukkete,

og eg burde gjerne hatt ein anna bh, men shit au :)
.

tysdag 25. november 2008

Vil-ha-sko

Me want these shoes! Dei hadde passa perfekt til julekjolen (én av dei fjorten potensielle ja) eg har bestilt. Spørsmålet er vel om eg hadde klart å gå på dei...
Men søte var dei iallefall :)
.

måndag 10. november 2008

EM gratisprøvar - korleis?

.


For dei som er interesserte i, og har lyst til å bestille gratisprøver frå EM har Hilde Christina laga ein Everyday Minerals ABC. Der finn ein alt ein måtte lure på, og litt til.

søndag 9. november 2008

Everyday Minerals - gratisprøvar


.
Har lenge hatt I.D. Bare Escentuals sin foundation som favoritt, men syns det er drøyt å betale over 400 kroner for ein boks. Har fått et tips om å prøve Everyday Minerals som visstnok skal vere betre for huda, og med ein pris på under 100 kroner må den berre prøvast. No har eg bestilt gratisprøver på foundation, blusher og concealer, for å finne ut kva fargar som passar meg best. Gledar meg til dei kjem i posten.

fredag 31. oktober 2008

Drømmestøvlane




No angrar eg litt på at eg har kjøpt meg støvlar,

for no har eg funne drømmestøvlane. Tihi :)

Kaldt!


The winter has arrived. Sjølv om ikkje snøen er komen til Sogndal, er det iskaldt ute. Og inne. Vi har (endelig!) skrudd på varmekablane i leilegheita, så no er det varmt og godt her. Men uansett kor kaldt eller varmt det er, er eg kald på beina. T
jukkesokkane er mine faste følgesvenner, till death do us part.

Har lenge vurdert å skaffe meg ei vinterjakke, så i går tråla Tonje og eg butikkane i shoppingmekkaet Sogndal. Enda opp med ei tjukk og god jakke frå Vero Moda, som heilt sikkert kjem til å holde meg varm i vinter. No er det berre vinterskoa som manglar, klarar ikkje heilt å bestemme meg for kva eg vil ha. Any suggestions?

tysdag 21. oktober 2008

Gina Tricot - nettbutikk!


Her kjem ei svært god nyheit for alle oss som bur i ingenmannsland (iallefall i forhold til shopping);

Gina Tricot har fått nettbutikk!

Om dette er godt eller dårleg nytt for mitt vedkomande gjenstår å sjå. Sjølvbeherskelse er tingen, og dét er eg dårleg på.