søndag 25. januar 2009

Maids of Honor

.
Når vår gode venninne Ingeborg giftar seg med sin handyman Bjarte 25. juli,
har Eva og eg fått den store ære av å vere forlovarar.


Dette inneber ei rekkje førebuingar som eg ser veldig fram til - blir heilt sikkert mykje latter og glede. Eit heidundrande utdrikningslag skal planleggast, og tale må skrivast. I dag er det kun 6 månadar att. EVA, vi må snart ha idémyldring! :D

Mi største utfordring (for now) er antrekket. Sjølv om det så klart er bruda sin kjole som er viktigast, har eg allereie begynt å leite etter
min kjole. Det er vel kanskje ein fordel at forlovarane matchar kvarandre òg? Temafargen for bryllaupsfesten blir gull, så eg har litt lyst å gå for gullkjole.


Dette er min midlertidige favoritt. Ein Donna Karan til den nette pris av £4595 som i dag tilsvarar om lag 44 000 norske kroner. Herrigud kor nydelig. Tar gjerne i mot tips om andre kjolar, DK blir nok dessverre litt i dyraste laget sjølv for meg.
.

laurdag 24. januar 2009

Grønt er skjønt

.
Okei, no er det forandring på gong.
I 2008 var lilla fargen over alle fargar,
men i 2009 trur eg jammen meg at det blir grøn.

Viiiiiil ha!
L.o.v.e. the colour.

.

torsdag 22. januar 2009

Lue fra Kåkki

.
Dei fleste har vel fått med seg at eg er bittelitt glad i lilla,
og her ein dag kom eg tilfeldigvis over ei lue som ropte Henriette. Høgt.


(fantastisk mobilbilde...)

I dag låg den i postkassa mi, og eg kunne ikkje ha vore meir fornøgd. I'm lovin' it!
Joakim/Kåkki skal ha æren. Takktakktakk! :)
.

søndag 18. januar 2009

Skrekkfilmtips x 3

.
Den siste tida har det vorte mange skrekkfilmar, og eg merkar at det er ein smule meir skummelt å vere aleine heime no, sjølv i den lille leilegheita her. Men so lenge det er lyst ute går det bra...

Dersom du likar skrekkfilmar bør du sjå alle tre, viss ikkje - må du sjå dei likevel!
Her kjem dei iallefall i mi føretrekte rekkefølgje... :)




Laura skal starte ein barneheim for vanskelegstilte barn, og vel barneheimen der ho sjølv vaks opp. Når dei flyttar inn får hennar sju år gamle son Simón mange usynlege vener, men ein dag forsvinn han...



Kiefer Sutherland spelar rolla som sikkerheitsvakt i eit utbrent kjøpesenter i New York. Han ser skremande bilete i speglane (nynorsk for speilene), og desse sender han ut på ei jakt for å avsløre senteret sine hemmelegheitar, samtidig som han og familien vert sett i fare.



Kristen (Liv Tyler) og James (Scott Speedman) er innlosjert i eit isolert feriehus i forbindelse med eit bryllaup, og får besøk av tre framande skjulte bak masker. I sin kamp for å overleve gjer paret ting dei aldri hadde trudd dei var kapable til.
.

fredag 16. januar 2009

Back to work(out)

.

Juleferien vart lenger enn lang, og grunna jobb og skule har eg ikkje kome i gong med treninga før i dag. Men du og du, den som ventar på noko godt ventar absolutt ikkje forgjeves. Sto opp litt seinare enn planlagt, (slumre-funksjonen på mobilen skulle aldri ha vore oppfunne!) heiv på meg treningskleda, og fekk i meg litt mat før eg sprang (okei, gjekk fort då) til Idrettssenteret for å møte min ihuga treningspartner Tonje.



Kolbjørn kjørte ei perfekt sykkeløkt, og vi svetta oss gjennom timen, før vi tok ein runde i styrkerommet og fekk pumpa litt. (Jeee! haha) No ligge eg flat som ei pannekake på sofaen og streva med å halde augene opne. Gjesp! :)

I kveld blir det lasagne og film med kjæresten, og quiz med gjengen!

Kryss fingrane for at vi ikkje kjem på siste plass. :P

Psssst! Eg treng ein treningspartner til Sykkel2 neste fredag klokka 10, nokon som melder seg frivillig? Alternativet er å tvinge nokon. Your choice.

måndag 12. januar 2009

Filmtips: Transsiberian (2008)

.
You can't escape your lies.


Eit amerikansk par er på reise frå Beijing til Moskva med den transsibirske jernbane. Heilt uventa vert det ei farleg reise når dei ufrivilleg vert innblanda i eit nettverk av narkotikasmugling, drap og bedrag.

Svært spennande, just the way I like it.
.

Babyboom 2009

.
Eg har ein følelse av at året 2009 blir babyåret over alle babyår.
Ikkje for min del also... Men den eine venninna etter den andre får babymage, og eg synast det er kjempestas! Trivst godt i rolla der eg kan låne dei søte små, og levere dei tilbake når dei er leie av meg. Eller omvendt.


♥ Ser veeeeldig fram til å møte dei små prinsane og prinsessene som e på veg.

Sjekk ut Kelley Ryden sin blogg, heilt fantastiske bilete!
.