torsdag 23. april 2009

Å vestland, vestland

Før kampen mellom Sogndal og Ham-Kam tysdag
vart denne videosnutten vist på NRK.

Herlege bilete og flott reklame for området vårt. Fantastisk!



Opning fotballsending Sogndal - HamKam, 21/4 09 from steinmagne on Vimeo.

tysdag 21. april 2009

Vil-ha-veske

.
I want this lovely one ♥



Berre så synd den kostar 1/4 av det
Lånekassen har å tilby meg per månad...
Må vere lov å drøyme litt av og til, fin var den iallefall! :)
.

laurdag 18. april 2009

Pink Pant(er)

.
Kom over ei bukse eg kunne tenke meg å ha i skapet.
Eller kanskje på meg.


Herrrrlig farge, og ikkje minst snitt, love it ♥
.

Glad-sang!

.
"Rock & Roll - Eric Hutchinson"

Denne songen har snike seg inn i livet mitt dei siste dagane.
På radio, på tv, og til og med på spinning!
Eg syns det er ein skikkelig glad-sang, passar perfekt til dagen i dag.

Sola skin, eg har fri og skal på fjelltur med kjæresten.
Det kan ikkje bli betre. Nyt dagen du òg! :)
.
.

torsdag 16. april 2009

Travel & Tourism

.
Jens Bjørneboe sa ein gong

"Norge er et deilig land å reise til utlandet fra"

..og eg kunne ikkje vore meir einig.


Eg er over middels interessert i å reise, og leitar heile tida etter nye reisemål å sikle etter. Når eg er ferdig med ei reise, tar det som regel ikkje lange tida før eg er i gang med å planlegge neste.

No har eg verken tid eller pengar til å reise, og kjenner panikken bre seg sakte men sikkert. Ikkje hjelper det noko særleg at alt eksamenspensumet eg burde sitte og lese no handlar om reising, heller.

Tanken på å ta "fri" eit år - jobbe og reise - freistar meir enn nokon sinne. Iallefall meir enn å sitte på skulebenken som masterstudent i to år. What to do?



Ikkje kom og sei at du ikkje vert freista...
.

onsdag 15. april 2009

Midwest Skincare

.

No skal eg dele ut litt skryt igjen, denne gongen til Midwest Skincare i Chicago, Illinois. Eg fekk eit tips om at dei var billege og hadde rask levering, så det måtte prøvast.

Det var nesten for godt til å vere sant! Eg bestilte Bare Escentuals Light Foundation 9g, og med porto vart det totalt $27 som tilsvarar 180 norske kroner. Dersom du skal kjøpe denne i butikk i Noreg, må du ut med 430 kroner - heilt utruleg!


I tillegg hadde Stacey Midwest nedskrive verdien på innhaldet i pakken til $3,99, noko som kanskje tyder at ein kan ta sjansen på å bestille over tollgrensa på 200 kroner. Interessant.

Og rask levering? Ja, absolutt! Eg bestilte den 7. april, og pakken låg i postkassa den 14. Med alle heilagdagane som har vore, er det mildt sagt imponerande. Eg skal iallefall nytte meg av dei igjen, utan tvil.

.

tysdag 14. april 2009

Jostein Gaarder - Appelsinpiken (2003)

.
"Faren min døde for elleve år siden. Da var jeg bare fire år gammel. Jeg trodde ikke at jeg skulle høre noe mer fra ham, men nå skriver vi bok sammen." ("Appelsinpiken" J. Gaarder 2003)


Georg er som femtenåringar flest - heilt til den dagen han mottar eit brev faren skreiv før han døde. I brevet fortel faren om ungdomsforelskelsen og jakta på den mystiske appelsinpiken. Boka vekslar mellom faren sitt brev til Georg, og Georg sine tankar og meiningar.

Då eg var lita var eg ein ekte lesehest. Det har endra seg, og no har eg svært vanskeleg for å verte fengsla av bøker, men Jostein Gaarder og Appelsinpiken klarte å fange meg frå første stund. Boka kom ut i 2003 og er faktisk oversett til 43 språk, dét syns eg er litt imponerande!

Eg ser veldig fram til å sjå filmen om Appelsinpiken, men er redd for at dei har endra mykje på historia. Har høyrt stygge rykter om det. Men sjå den, det skal eg.



.