fredag 30. januar 2009
Rikkemai - Ja Takk
torsdag 29. januar 2009
Middagstips: Steikt ris med kylling
og den har eg tenkt å dele med deg.
- 1,5 dl jasminris
- 300 gram kyllingfilet
- 1 løk
- 2 fedd kvitløk
- 8 ss nøytral olje
- 2 egg
- 1 raud paprika (som vi bytta ut med 1 boks mais)
- krydder etter eige ønske
Og slik går du fram...
- Kok 1,5 dl ris i 4 dl vatn.
- Ta halvparten av oljen i steikepanna, helst ei stor wok-panne.
- Skjer kyllingfilet i strimlar, og steik til den er gyllen.
- Skjer opp løken, finhakk kvitløken, og ha det deretter i lag med kyllingen. La det surre til løken er gyllen.
- Rør saman egga, og bland det med kyllingen og løken i panna.
- Ha deretter i den kokte risen, og resten av oljen.
- Tilsett til slutt paprika eller mais (eller begge deler:), og krydder etter eige ønske.
onsdag 28. januar 2009
Utfordring: Foto
Eg har blitt utfordra av Britt.
Og utfordringa lyder slik...
- Gå til foto/mapper
- Ta ut den 6. mappen
- Finn det 6. bildet
- Sett bildet på bloggen og skriv noe om dette bildet
- Inviter 6 nye til å bli med på denne utfordringen. Link til dem, og la dem vite at de er utfordret.
No fekk eg lyst ut på tur. Eg stiller med kakao og appelsin.
...nåken som vil vere med?
Blogganbefaling: Singelpappa
og anbefalar deg å gjere det same.
og dei har ei historie utanom det vanlege...
I april i fjor vart Bjørn, kona Josefin, lille Ellen og den 14 dagar gamle dottera Saga utsatt for ei bilulykke. Bjørn og Ellen var dei einaste som overlevde, og Ellen lever i dag med 60% av kroppen dekka av brannskader.
Dette er ei veldig gripande historie, som iallefall fekk meg til å tenke litt.
tysdag 27. januar 2009
Min første...
og må vise dåkke den første mobilen eg hadde.
Min vakre følgesvenn Siemens C10,
som var med meg i tjukt og tynt.
Ikkje reint lite den fekk vere med på, gitt.
Det var jammen stort å få mobil den gongen. Huska eg hadde masa hol i haude på mine stakkars foreldre, før eg endeleg fekk kjøpe den. Kjøpte den faktisk på Rimi (som var lokalisert der Ricco Vero er no - ja det er lenge sidan ja), for nærmare 10 år sidan. Eg meinar den kosta 500 kroner, som sikkert var ei formue den gongen. Iallefall for meg. :P
Huskar du din første mobil?
.
søndag 25. januar 2009
Maids of Honor
har Eva og eg fått den store ære av å vere forlovarar.
Dette inneber ei rekkje førebuingar som eg ser veldig fram til - blir heilt sikkert mykje latter og glede. Eit heidundrande utdrikningslag skal planleggast, og tale må skrivast. I dag er det kun 6 månadar att. EVA, vi må snart ha idémyldring! :D
Mi største utfordring (for now) er antrekket. Sjølv om det så klart er bruda sin kjole som er viktigast, har eg allereie begynt å leite etter min kjole. Det er vel kanskje ein fordel at forlovarane matchar kvarandre òg? Temafargen for bryllaupsfesten blir gull, så eg har litt lyst å gå for gullkjole.
Dette er min midlertidige favoritt. Ein Donna Karan til den nette pris av £4595 som i dag tilsvarar om lag 44 000 norske kroner. Herrigud kor nydelig. Tar gjerne i mot tips om andre kjolar, DK blir nok dessverre litt i dyraste laget sjølv for meg.
.
laurdag 24. januar 2009
Grønt er skjønt
torsdag 22. januar 2009
Lue fra Kåkki
Joakim/Kåkki skal ha æren. Takktakktakk! :)
søndag 18. januar 2009
Skrekkfilmtips x 3
Den siste tida har det vorte mange skrekkfilmar, og eg merkar at det er ein smule meir skummelt å vere aleine heime no, sjølv i den lille leilegheita her. Men so lenge det er lyst ute går det bra...
Her kjem dei iallefall i mi føretrekte rekkefølgje... :)
fredag 16. januar 2009
Back to work(out)
Juleferien vart lenger enn lang, og grunna jobb og skule har eg ikkje kome i gong med treninga før i dag. Men du og du, den som ventar på noko godt ventar absolutt ikkje forgjeves. Sto opp litt seinare enn planlagt, (slumre-funksjonen på mobilen skulle aldri ha vore oppfunne!) heiv på meg treningskleda, og fekk i meg litt mat før eg sprang (okei, gjekk fort då) til Idrettssenteret for å møte min ihuga treningspartner Tonje.
Kolbjørn kjørte ei perfekt sykkeløkt, og vi svetta oss gjennom timen, før vi tok ein runde i styrkerommet og fekk pumpa litt. (Jeee! haha) No ligge eg flat som ei pannekake på sofaen og streva med å halde augene opne. Gjesp! :)
I kveld blir det lasagne og film med kjæresten, og quiz med gjengen!
Kryss fingrane for at vi ikkje kjem på siste plass. :P
Psssst! Eg treng ein treningspartner til Sykkel2 neste fredag klokka 10, nokon som melder seg frivillig? Alternativet er å tvinge nokon. Your choice.
måndag 12. januar 2009
Filmtips: Transsiberian (2008)
Svært spennande, just the way I like it.
.
Babyboom 2009
Eg har ein følelse av at året 2009 blir babyåret over alle babyår. Ikkje for min del also... Men den eine venninna etter den andre får babymage, og eg synast det er kjempestas! Trivst godt i rolla der eg kan låne dei søte små, og levere dei tilbake når dei er leie av meg. Eller omvendt.
♥ Ser veeeeldig fram til å møte dei små prinsane og prinsessene som e på veg. ♥
Sjekk ut Kelley Ryden sin blogg, heilt fantastiske bilete!
søndag 11. januar 2009
Mimring: Ocean Girl
Den australske serien handlar om jenta Neri, som er avhengig av å leve i sjøen, kommuniserer med kvalar, og vert kjent med vanlege menneske som bur på forskningssenteret ORCA.
Serien vart først sendt i 1994, når eg va sånn cirka 10 år gamal. ;) Det var iallefall svært spanande då, men trur eigentleg ikkje eg har forandra meg so mykje...
No sende dei den igjen på TV2 kvar laurdag og søndag klokka 10. Eg er ikkje særleg fan av å ha på vekkerklokka i helgene, men i dag berre måtte eg.
.
fredag 9. januar 2009
Dagens Outfit år 2000
og fantastisk nydelege bilder frå den tida eg farga håret mitt mørkare enn mørkt.
Herregud.
Kjøpte ikkje buksene also.. Glad i meg no, Ingeborg? ;)
Ikkje heilt sikker på årstalet,
men det kan sjå ut som om det er i 1. klasse på vidaregåande.
Tenk at det snart er 9 år sidan eg var 16... Djizez.
tysdag 6. januar 2009
Vingle-Henriette
No har det seg slik at eg om sånn cirka 5 månadar og 5 dagar (forhåpentlegvis) har levert bacheloroppgåve. Med andre ord er eg då ferdig med mitt 16. (!) år på skulebenken. Kan ikkje forstå anna enn at eg burde vere litt glup etter kvart.
Det som no er mitt store spørsmål og dillemma, er kva eg skal ta meg til med når eg er ferdig med bachelorgrada mi i Turisme og Reiseliv. Skal eg studere endalittmeir? Eller skal eg prøve å finne meg ein relevant jobb? Kanskje begge deler.
Har sett litt på ulike mastergrader, men det er ingen som ropar namnet mitt. Kanskje fordi eg ikkje heilt veit kva dei ulike linjene går ut på, kva fag som er moglege å kombinere, og kanskje aller mest fordiat eg ikkje heilt veit kva eg vil.
Når det kjem til jobbsøking, må ein nesten berre ta det litt på sparket. Kjem til å leite litt og søke på alle relevante stillingar eg kjem over, i tillegg til å håpe at noko positivt kjem ut av bacheloroppgåve-arbeidet vårt. :) Hadde vore fint om den perfekte jobben berre datt ned i hendene på meg.
Ein kjem dessverre ikkje så langt med berre ein bachelorgrad i 2009, så sjansen for å få ein likandes jobb i turismebransjen aukar nok dersom ein har ei mastergrad. Så akkurat i dag hallar eg mot å ta ein master, men eg kjem sikkert til å ombestemme meg neste veke. Eg er ganske ubesluttsom. Vingle-Henriette, that's me.
.
måndag 5. januar 2009
Bursdagsjenta Eline
laurdag 3. januar 2009
Jeg er ikke sint, jeg er bare veldig veldig skuffet.
Har falt heilt for den nydelige og morsomme reklamen til Miljøagentene,
han lille guten er so utruleg søt. :D
Den andre reklamen kan du finne her, den er nesten like søt den òg. :)
.
Lush imponerar!
Eg er verkeleg imponert over kor fort eg fekk varene i frå Lush Norge! Varene vart sendt tirsdag, og låg i postkassa mi fredag, til tross for heilagdagar og redusert postgang.
Etter som eg bestilte varer for ein viss sum, fekk eg tilsendt diverse juleprodukt gratis. Nice gesture! :)
Har ikkje prøvd nokon av dei enno, men det skal bli fint å bruke julesåpe utover våren, for å halde på den gode julefølelsen ekstra lenge. Eller kanskje eg berre burde spare dei til neste jul?
Fekk prøvd shampooen (I Love Juicy), balsamen (American Cream) og dusjsåpa (Yummy Yummy Yummy) i dag.
Shampooen imponerte; håret mitt har aldri føltest så reint før! Utruleg deilig! Klarar ikkje heilt å bestemme meg for om eg likar lukta eller ikkje, den minner meg om noko eg ikkje heilt klarar å sette namn på. Skal tenke litt på den...
Balsamen oppførte seg som ein vanleg balsam, men kjentest lettare og litt mindre feit. Godt forklart, or not. Men lukta var lovely, og overdøyver lukta til shampooen, så no luktar håret mitt fantastisk. Hoho. :P
Dusjsåpa er faktisk Yummy, den snakkar for seg sjølv, og treng inga vidare beskriving... :)
både på leveringstid, service og produktkvalitet.
Hipp Hurra! :)