Viser innlegg med etiketten Cøliaki. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Cøliaki. Vis alle innlegg

måndag 3. november 2008

Glutenfrie pannekaker og tomatsuppe




Eg ventar og ventar og ventar på svar på Gastroskopi-prøven. Ringte legekontoret i dag, men dei hadde enno ikkje fått noko svar. Likevel hadde eg mitt første glutenfrie måltid i dag. Vi (les: eg) hadde så lyst på pannekaker til middag, men sist gong vi åt vanlege pannekaker holdt eg på å krepere, og difor vart det glutenfrie pannekaker i dag. Til pannekaker må ein ha tomatsuppe, men dumme meg tenkte ikkje på at tomatsuppe inneheld kveitemjøl, og difor boblar magen min no. Men ikkje på langt nær så gale som forrige pannekakemiddag, så noko riktig må eg ha gjort. Akkurat no håpar eg på å få beskjed om at eg har glutenallergi så eg slepp meir utredning, for eg veit at noko er gale. Og no når eg har prøvd å holde meg unna glutenprodukt fungerar magen min mykje bedre. Så kjære Gud, la prøven vere positiv så eg sleppe å tenke meir på kva anna det kan vere...

Er det forresten andre enn meg som må ha tomatsuppe til pannekaker? Har hatt fleire diskusjonar om dette, men ingen skjønnar korleis ein kan kombinere pannekaker og tomatsuppe. Perfekt kombinasjon spør du meg.

torsdag 16. oktober 2008

Cøliaki?

Den siste tida har ikkje magen min oppført seg som den skal, så eg held no på med utredning for å finne ut kva som er gale. Fastlegen min trur det kan vere cøliaki (glutenallergi), så i dag har eg vore på Lærdal sjukehus for ein svært ubehagelig gastroskopi. Noko eg helst skulle vore foruten. Men no er det heldigvis over, og eg må vente to veker før eg får svar på prøvene. Kanskje utolmodige Henriette blir tolmodig av dinna her ventinga som det ikkje er reint lite av i Helse Norge?

Fekk no i det minste ein koselig roadtrip med kjæres
ten som var så snill å vere med som reisefølge og støttekontakt.