Viser innlegg med etiketten Mat og Drikke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mat og Drikke. Vis alle innlegg

onsdag 31. desember 2008

I 2009 skal eg...

.
Eit nytt år er snart i startgropa, og vi kan starte med blanke ark og prøve å vere flinkare til det ein ikkje har fått til i det forrige. Eg har eigentleg aldri hatt skikkelige nyttårsforsett før, så det er vanskeleg å vite om eg klarar å halde dei. Har difor vore snill med meg sjølv og ikkje talfesta kor mykje meir som er målet, berre det er meir enn før. ;)


I 2009 skal eg prøve å...

  • trene meir
  • spare pengar, og opprette BSU-konto
  • lese meir bøker (og dermed bruke mindre tid foran tv & pc)
  • ete meir frukt og grønnsaker
  • bli meir tolmodig
  • legge meg tidlegare
  • lære meg å strikke (først og fremst sokkar)
  • bli flinkare til å besøke vennane mine oftare

Det eg er mest skeptisk til, er pengesparinga.. Det har eg aldri vore god på!
Vi får sjå kva som skjer, og kor mykje eg sit igjen med på kontoen om eit år. ;)

Kva er dine nyttårsforsett for 2009?
.

Nyttårsfeiring på høgt plan

.

No tikkar klokka sakte men sikkert mot starten på eit nytt år. 2009 nærmar seg med stormskritt. Eg sit heime i stova ilag med familien, og feberen jobbar på i kroppen. Helst skulle eg ha vore ilag med den fine kjæresten min, skåla i champagne og hatt det kjekt i lag med venner. Men sånn vart det ikkje i år. Eg skal iallefall gjere det beste ut av det, dvs drikke julebrus og sjå på rakettane frå vindauget. Woohoo! :)


Ha ein super kveld i lag med dykkar nære og kjære,
og fest litt for meg òg,
så snakkast vi (friske & raske) i 2009.


GODT NYTT ÅR ALLE SAMAN!


.

onsdag 10. desember 2008

Dark Purple Dress

.
Har hatt ein koseleg dag i lag med Renate og Sara i Olden, vi trilla dukkevogn, leika med dukker, og såg Teletubbies. Merkar at eg savnar å vere i barnehagen, så det er godt eg har Sara å leike litt med. :)

Fekk HM-pakken min i dag, og min
nydelige lilla kjole. Eg elskar den! Kjolen forutset at eg ikkje et i jula, så no framover blir det ingen utskeiingar, meeeen eg trur den er verdt det. :D No må eg berre finne sko og tilbehør. I sølv eller svart eller ein anna farge?? Gje meg gjerne eit tips eller to!


Ikkje det beste bildet, kjolen er skrukkete,

og eg burde gjerne hatt ein anna bh, men shit au :)
.

søndag 7. desember 2008

Eksamenslei

.
Dagen før årets siste eksamen. Eg har lest altformange dagar i strekk, så no er hovudet mitt fullt, og eg er sliten og frustrert over at eg ikkje får inn meir. Men nok er nok. Det skal bli godt å levere eksamen i morgon, og ta juleferie med god (?) samvittighet.

Klassen skal samlast til eit velfortent julebord i morgon kveld. Dersom ein ser vekk i frå at eg ikkje har noko å ha på meg, så gler eg meg til ein koseleg kveld med julemat, jule(rus)brus og julesamvær :)



Har du tatt juleferie?
Skal du på julebord i år?

.

måndag 24. november 2008

Voldtektsdop

.
Neddoping av kvinner med påfølgande voldtekt er eit fenomen som har fått mykje merksemd dei siste åra. Og det er absolutt ein sak eg meinar fortener merksemd. Fleire venninner av meg har vore alt for nære å oppleve nettopp dette, noko eg synst er veldig skremmande. Rusmidlar som Rohypnol, GHB og Ketamin kan i kombinasjon med alkohol føre til bevisstløshet, hukommelsestap og i verste fall dødsfall.


Politiet har no sendt ut denne mailen, til skrekk og advarsel.
Heilt utruleg at nokon i det heile tatt kan kome på å gjere noko sånt.
_____________________________________________________________________________________

Hei alle foreldre og alle andre som bryr seg om barn og ungdommer

Ifølge svensk politi og sykehus ble en kvinne kidnappet fra en nattklubb, voldtatt flere ganger og etterpå forlatt. Hun husker ikke hva som hadde hendt, men prøver fortsatt å avsløre voldektsmannen.

Sammen med voldtektsdopet Rohypnol, fant man spor av Progesterex, som er en liten steriliseringspille. Preperatet brukes nå av voldektsmenn iforbindelse med fester, for å voldta og sterilisere sine ofre. Progesterex fåes hos veterinær for å sterilisere store dyr. Ryktet sier at Progesterex sammen med Rohypnol kalles "date rape drug". Det som gjelder for Progesterex er det samme som for Rohypnol, den skal ned i jentas drink. Hun kommer da til å være i en slik tilstand at hun ikke kommer til å huske noen ting av det som skjedde kvelden før. Progesterex løses raskt opp i drinken og forsikrer at offeret ikke kommer til å bli gravid etter voldtekten. Derfor behøver ikke forbryteren å bekymre seg om eventuelt farskap flere måndeder senere, virkningen er ikke midlertidig, men permanent!

Progesterex er utviklet for sterilisering av hester. Den kvinnen eller hoppa som får i seg preperatet kommer aldri til å kunne få barn / føll. Den som planlegger overgrepet kan få preperatet fra alle veterinærer. Det er ufattelig lett å få tak i, og Progesterex kan være det neste preparatet som slår gjennom i nattelivet. Samme hvor utrolig det høres, så finnes det til og med Intenettsider som beskriver hvordan man bruker preparatet.

Send det her til alle du kjenner, spesielt jenter. Vær forsiktig når du er ute - ikke la drinken din stå uten at du holder øye med den. Gjør en antstrengelse og videresend denne beskjeden til alle du kjenner. Og gutter- fortell historien til jenter som du kjenner.

Birgitta Olofsson
Sykepleier, doktorand
Umeå Universitet.
_____________________________________________________________________________________

Send mailen til alle du kjenner, hald auge med drinken din,
og ikkje ver naiv; la aldri framande spandere på deg.


.

fredag 14. november 2008

Mandarinar vs. Klementiner

.

Eg er av dei som meinar jula kjem alt for tidleg i butikkane. I fjor hadde eg eit prinsipp om at eg skulle boikotte alt som hadde med jul å gjere før desember kom, og det klarte eg. I år tok eg mandarinane i hus heile 17 dagar før desember startar. Men det er no dei er gode, og det kan eg no ikkje gå glipp av.

Når mandarin-diskusjonen først er oppe, må eg ta opp noko anna i same slengen. Min bedre halvdel står hardt på sitt og kallar det klementiner, medan eg ikkje klarar å ta ordet i min munn; det heiter jo mandarinar! Dessverre har han rett, mandarinane har faktisk ikkje vore til sals i Norge på over 20 år! ...men for meg heiter dei mandarinar, og kjem alltid til å gjere det. :)

Har du tatt jula i hus?
Og heiter det mandarinar eller klementiner?


Pssst. Sjølv om eg har tatt mandarinane inn i varmen, betyr ikkje det
at eg kjem til å ta jula i hus før 1. desember, det får no vere måte på.


måndag 3. november 2008

Glutenfrie pannekaker og tomatsuppe




Eg ventar og ventar og ventar på svar på Gastroskopi-prøven. Ringte legekontoret i dag, men dei hadde enno ikkje fått noko svar. Likevel hadde eg mitt første glutenfrie måltid i dag. Vi (les: eg) hadde så lyst på pannekaker til middag, men sist gong vi åt vanlege pannekaker holdt eg på å krepere, og difor vart det glutenfrie pannekaker i dag. Til pannekaker må ein ha tomatsuppe, men dumme meg tenkte ikkje på at tomatsuppe inneheld kveitemjøl, og difor boblar magen min no. Men ikkje på langt nær så gale som forrige pannekakemiddag, så noko riktig må eg ha gjort. Akkurat no håpar eg på å få beskjed om at eg har glutenallergi så eg slepp meir utredning, for eg veit at noko er gale. Og no når eg har prøvd å holde meg unna glutenprodukt fungerar magen min mykje bedre. Så kjære Gud, la prøven vere positiv så eg sleppe å tenke meir på kva anna det kan vere...

Er det forresten andre enn meg som må ha tomatsuppe til pannekaker? Har hatt fleire diskusjonar om dette, men ingen skjønnar korleis ein kan kombinere pannekaker og tomatsuppe. Perfekt kombinasjon spør du meg.

laurdag 1. november 2008

Den store kinodagen


I dag er det den store kinodagen, og då kan en vel ikkje akkurat gjere så mykje anna enn å gå på kino. Vi har bestilt billettar til Fatso, og gledar oss halleluja. Men først er det fotballkamp, så ein deilig ytrefiletmiddag med kjæresten, før Tonje & Eirik kjem til eit glas vin eller to (for å kunne fnise litt ekstra i kinosalen). Perfekt laurdagskveld.

søndag 19. oktober 2008

Rekeaften og filmkveld


Vi hadde ein koselig kveld ilag med Tonje, Eirik
og Bønna i går. Åt haugevis med (ferdigrenska!) reker, loff, sitron og majones. Nam! Vertane hadde berekna at det var storetarar som kom på besøk, så dei kan kose seg med reker fram til jul. Filmen vi såg, The Happening, kjem dessverre ikkje på Filmtips-lista mi. Enkelte scener klarte å skremme vettet av meg (det skal vel egentleg ikkje so mykje til), men det er lenge sidan eg har sett ein så dårleg thriller. Vi enda opp med å sjå litt av Armageddon som gjekk på TV, den hadde gått rett inn på lista mi for 10 år sidan.

tysdag 14. oktober 2008

Fusilli - anbefalast!




Etter ein frisk skogtur kom eg heim til min snille kjæreste og ein nydelig middag, som eg berre anbefale. Toro sin nye
Fu
silli i kremet tomatsaus med ost og italienske urter.
Tastes like heaven (og litt som Lasagne), prøv den!