Viser innlegg med etiketten Fotball. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fotball. Vis alle innlegg

laurdag 8. november 2008

Sogndal - Aalesund

.
I dag har det vore kvalikkamp mellom Sogndal og Aalesund, og sjøl om det dessverre vart tap (kanskje ikkje så overraskande?) kosa vi oss på kamp. Til den store begivenheita tok min minste bror Geir og pappa turen til Sogndal, veldig koseleg med besøk. :) Komande onsdag skal Sogndal til Ålesund og spele den avgjerande kampen, så det er enno ikkje avgjort. Eg er optimist og kryssar fingrane nok ein gong.


..min søte lillebror (som ikkje e så liten lenger) i nytt supporterutstyr :)


Til slutt vil eg oppfordre Rekdal, som meinar at Sogndalsupportarane er Norges verste publikum, til ikkje å skjere alle over éin kam.