Viser innlegg med etiketten Familie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Familie. Vis alle innlegg

onsdag 31. desember 2008

Nyttårsfeiring på høgt plan

.

No tikkar klokka sakte men sikkert mot starten på eit nytt år. 2009 nærmar seg med stormskritt. Eg sit heime i stova ilag med familien, og feberen jobbar på i kroppen. Helst skulle eg ha vore ilag med den fine kjæresten min, skåla i champagne og hatt det kjekt i lag med venner. Men sånn vart det ikkje i år. Eg skal iallefall gjere det beste ut av det, dvs drikke julebrus og sjå på rakettane frå vindauget. Woohoo! :)


Ha ein super kveld i lag med dykkar nære og kjære,
og fest litt for meg òg,
så snakkast vi (friske & raske) i 2009.


GODT NYTT ÅR ALLE SAMAN!


.

fredag 21. november 2008

Kjendisbroren

.
Må få lov å skryte litt av min flinke lillebror, som ut av det blå (+ litt trening) har blitt ein dyktig squashspelar. Eg har allereie booka squash-opplæring med han når eg skal heim til jul, så neste gong er det eg som er i avisa. Eller ikkje...

søndag 9. november 2008

Farsdag

.
.
Etter som det er farsdag i dag, er det vel på sin plass med eit lite farsdagsinnlegg.
Gratulerer med farsdagen til min snille pappa.

laurdag 8. november 2008

Sogndal - Aalesund

.
I dag har det vore kvalikkamp mellom Sogndal og Aalesund, og sjøl om det dessverre vart tap (kanskje ikkje så overraskande?) kosa vi oss på kamp. Til den store begivenheita tok min minste bror Geir og pappa turen til Sogndal, veldig koseleg med besøk. :) Komande onsdag skal Sogndal til Ålesund og spele den avgjerande kampen, så det er enno ikkje avgjort. Eg er optimist og kryssar fingrane nok ein gong.


..min søte lillebror (som ikkje e så liten lenger) i nytt supporterutstyr :)


Til slutt vil eg oppfordre Rekdal, som meinar at Sogndalsupportarane er Norges verste publikum, til ikkje å skjere alle over éin kam.