Viser innlegg med etiketten Skule. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Skule. Vis alle innlegg

tysdag 9. desember 2008

Driving home for christmas

.
Hadde ein superkoseleg kveld ilag med klassen i går, med fantastisk julebuffet og kjekt samvær på Lægreids-puben. Litt trist og rart å tenke på at vi kun har eit halvt år igjen i lag i Sogndal.. Lurar på kvar vi endar opp neste år?!


Var kjempekoz å køyre heim i dag, med julemusikk i høgtalarane, og snø på alle kantar. Julestemninga kjem snikande. No har eg ferie i 5 veker framover. Kva i alle dagar skal ein finne på? Luksusproblem, I know. Tar eg ikkje heilt feil, så blir eg vel slave for mamma.

Har forresten store planar om å lære meg å strikke sokkar (eit resultat av mitt enorme tjukkesokkforbruk) i løpet av jula, så dersom nokon føler for å vere strikkelæremester må dei berre seie i frå. :) Tar gjerne i mot ferdigstrikka tjukkesokkar òg, dersom nokon vil donere vekk til ein frostpinne. Mogleg eg fryse i hel før eg klarar å strikke sokkane sjølv.

Har du forslag til kva eg kan finne på den neste månaden?
Kan du å strikke sokkar? :D
.

søndag 7. desember 2008

Eksamenslei

.
Dagen før årets siste eksamen. Eg har lest altformange dagar i strekk, så no er hovudet mitt fullt, og eg er sliten og frustrert over at eg ikkje får inn meir. Men nok er nok. Det skal bli godt å levere eksamen i morgon, og ta juleferie med god (?) samvittighet.

Klassen skal samlast til eit velfortent julebord i morgon kveld. Dersom ein ser vekk i frå at eg ikkje har noko å ha på meg, så gler eg meg til ein koseleg kveld med julemat, jule(rus)brus og julesamvær :)



Har du tatt juleferie?
Skal du på julebord i år?

.

tysdag 11. november 2008

Heimeeksamen

.

Denne veka har vi heimeeksamen.
Det vil seie at vi er meir på skulen enn heime. Tonje og eg har beslaglagt eit grupperom, og slit, strevar, slost og kranglar, samt kosar oss tidvis med oppgåva, skal bli godt å levere den fredag klokka 14.00. ;)

onsdag 29. oktober 2008

Fjellturisme på Hovden


Dei tre siste dagane har eg vore på tur med naturbasertturisme-klassen, vi deltok på Innovativ Fjellturisme-seminaret på Hovden (så langt sør i Norge har eg ikkje vore før!). Vi har tilbrakt dei fleste av døgnets timar i bil og resten på ein hard stol i konferansesalen. Berekraftig turisme, skiturisme, fuglekikkingsturisme, fjellturisme, festivalturisme, togturisme, russisk turisme og en heil del andre (meir eller mindre interessante) turisma sto på plakaten. Men vi har lært mykje, og det var vel det som var meininga.

På Hovden fekk vi oppleve sesongens første snøfall og eit fantastisk vinterveir, som satte ein spiss på turen. Vi overnatta i ei koselig hytte, men etter to netter i øverste etasje på ei køyeseng var det godt å kome heim til si eiga normalt høge seng. Trur eg sovna før eg fekk lagt hovudet på puta, tar visst på å vere på tur.



tysdag 14. oktober 2008

På skogtur med mentor


Vi har no eit ganske omfattande arbeidskrav i Natur- og aktivitetsbasert Turisme, som går på turplanlegging. Vi skal planlegge ein tur i fjellet frå byrjing til slutt, og gjennomføre den med ei gruppe "turistar". I rollene som turistar har vi denne gongen afrikanarar i frå Sogndal Statlege Mottak. Dette kan bli spanande!

Tonje, Ruth og eg var i dag i Amladalen og fekk sjekka ut turruta og leirområdet der vi skal brenne bål og lage mat. "Villmark" er innspelt i denne skogen, så vi var litt smånervøse der vi traska av gårde og kikka oss rundt etter ein psykopat i raud kjole. Vi hadde med oss Hallvard David frå Mottaket, som var så snill å vise oss vegen. Han har ikkje berre vore vår mentor, men òg mentor på Farmen i 2004. Stas.

fredag 10. oktober 2008

Snart jul..

I mangel på haustferie tar vi no ei lita helg heime i nordfjord. Det blir sannsynlegvis siste helga vi er heime før jul. Eksamenane nærmar seg med stormskritt. Det er i dag mindre enn to månadar til vi tar juleferie, og då startar forberedingane til bacheloroppgåveskriving. Tida går alt for fort. Men først av alt, skal vi hente vårt nye familiemedlem.

torsdag 9. oktober 2008

Friluftsmenneske?



I å
r er vi så heldige at vi har eit fag som heiter Natur og Aktivitetsbasert Turisme, og eg trur eg kjem til å bli friluftsmenneske på heile greia. Vi har hatt fleire turar, både med og uten telt, og fleire skal det bli. Vår forrige tur gjekk til Hølsete, for å lære å lage bål! Skal tru kvar vi endar neste gong?