Viser innlegg med etiketten Tidsfordriv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tidsfordriv. Vis alle innlegg

onsdag 31. desember 2008

I 2009 skal eg...

.
Eit nytt år er snart i startgropa, og vi kan starte med blanke ark og prøve å vere flinkare til det ein ikkje har fått til i det forrige. Eg har eigentleg aldri hatt skikkelige nyttårsforsett før, så det er vanskeleg å vite om eg klarar å halde dei. Har difor vore snill med meg sjølv og ikkje talfesta kor mykje meir som er målet, berre det er meir enn før. ;)


I 2009 skal eg prøve å...

  • trene meir
  • spare pengar, og opprette BSU-konto
  • lese meir bøker (og dermed bruke mindre tid foran tv & pc)
  • ete meir frukt og grønnsaker
  • bli meir tolmodig
  • legge meg tidlegare
  • lære meg å strikke (først og fremst sokkar)
  • bli flinkare til å besøke vennane mine oftare

Det eg er mest skeptisk til, er pengesparinga.. Det har eg aldri vore god på!
Vi får sjå kva som skjer, og kor mykje eg sit igjen med på kontoen om eit år. ;)

Kva er dine nyttårsforsett for 2009?
.

fredag 28. november 2008

Peiskos :)

.
Vi har fått oss peis!

Koselig, hæ? :)





Deilig å sitte og høre på knitringa, og ingenting er so godt som varmen frå en peis!



Okei, so varma den kanskje ikkje so mykje...

...men den er fin å sjå på, og knitringa er der! ;)

.

tysdag 18. november 2008

Tidsfordriv: Henriette er...

.
No i den travle (?) eksamenstida er det myykje kjekkare å tenke på alt som ikkje har med eksamen å gjere.

Eg har no googla "Henriette er", alltid like morosamt.. :)

Here are the results...

  • Henriette er opptatt av å få til en politikk som kobler kampen om full sysselsetting med kampen for et bedre miljø. (klart eg e!)
  • Henriette er utdannet eksportmarkedsfører fra Handelshøyskolen BI og Ecole Supérieure du Commerce i Frankrike. (I wish:)
  • Henriette er ei glad og årvåken jente på snart 4 måneder. (fnis)
  • Henriette er et prakteksemplar av en kursdeltaker. (høres ut som meg det)
  • Henriette kløner i begynnelsen, og så finner hun den beste måten å gå på. (?)
  • Henriette har arbeidet profesjonelt som sanger siden -96 ved en rekke konserter og soloprosjekter. (javelja)
  • Henriette kjedet seg alltid på bussen hjem fra jobb. (buss é alltid kjedelig)
  • Henriette vil fra 2007 til 2011 øke nettoinntekten med 206.278 kroner. (forhåpentligvis meir)
  • Henriette prøver seg på aktivitetsferie på Algarvekysten. (ikkje umulig det)

Prøv sjølv! ...med ditt namn altso! ;)
.