onsdag 19. november 2008
It's x-mas?
I år som i fjor er eg skuffa over den nye Coca Cola-julereklamen. Kan dei ikkje berre sende den gamle? Det blir ikkje jul før eg får sett den, så derfor postar eg den her.
I dag er det 11 dagar til 1. søndag i advent, og 19 dagar til juleferie! :))
.
tysdag 18. november 2008
Tidsfordriv: Henriette er...
.
No i den travle (?) eksamenstida er det myykje kjekkare å tenke på alt som ikkje har med eksamen å gjere.
Eg har no googla "Henriette er", alltid like morosamt.. :)
Here are the results...
Prøv sjølv! ...med ditt namn altso! ;)
.
No i den travle (?) eksamenstida er det myykje kjekkare å tenke på alt som ikkje har med eksamen å gjere.
Eg har no googla "Henriette er", alltid like morosamt.. :)
Here are the results...
- Henriette er opptatt av å få til en politikk som kobler kampen om full sysselsetting med kampen for et bedre miljø. (klart eg e!)
- Henriette er utdannet eksportmarkedsfører fra Handelshøyskolen BI og Ecole Supérieure du Commerce i Frankrike. (I wish:)
- Henriette er ei glad og årvåken jente på snart 4 måneder. (fnis)
- Henriette er et prakteksemplar av en kursdeltaker. (høres ut som meg det)
- Henriette kløner i begynnelsen, og så finner hun den beste måten å gå på. (?)
- Henriette har arbeidet profesjonelt som sanger siden -96 ved en rekke konserter og soloprosjekter. (javelja)
- Henriette kjedet seg alltid på bussen hjem fra jobb. (buss é alltid kjedelig)
- Henriette vil fra 2007 til 2011 øke nettoinntekten med 206.278 kroner. (forhåpentligvis meir)
- Henriette prøver seg på aktivitetsferie på Algarvekysten. (ikkje umulig det)
Prøv sjølv! ...med ditt namn altso! ;)
.
måndag 17. november 2008
Time For Change
.

Syns presidentvalet i Amerika tok vel mykje tid i media, så difor lot eg vere å nemne det her på bloggen då. Men no når det har roa seg, er det på tide å få fram at eg er fornøgd med utfallet. Obama er vel det beste som kunne skje for Amerika, og verden.
Fascinerande bilete eller?
Er du fornøgd med utfallet av presidentvalet?
.
søndag 16. november 2008
Filmnerd? Jepp.
Filmtips: Hancock (2008)
.

Hancock er akkurat passe morosam, actionfylt og en smule trist. Den klarar fint, med kuule (?!) spesialeffektar (for oss som egentlig ikkje er spesielt glad i akkurat det, kremt),
å underholde oss ein laurdagskveld. Will Smith er rett mann i superhelt-rolla,
og Charlize Theron imponerar igjen. Eg likar den dama.

laurdag 15. november 2008
Julegåvetips - Fatboy
.
I desse julegåveplanleggingstider må ein legge hjernen i blaut for å finne på noko til både små og store. Eg trur dessverre ikkje at nokon får Fatboy frå meg i år (den kostar rundt 2000 kroner!) men det er lov å håpe på at nokon har lyst å gje meg ein...
Eg ønskjer meg ein raud ein. (Eller lilla?)
Eg ønskjer meg ein raud ein. (Eller lilla?)
fredag 14. november 2008
Mandarinar vs. Klementiner
.

Eg er av dei som meinar jula kjem alt for tidleg i butikkane. I fjor hadde eg eit prinsipp om at eg skulle boikotte alt som hadde med jul å gjere før desember kom, og det klarte eg. I år tok eg mandarinane i hus heile 17 dagar før desember startar. Men det er no dei er gode, og det kan eg no ikkje gå glipp av.
Når mandarin-diskusjonen først er oppe, må eg ta opp noko anna i same slengen. Min bedre halvdel står hardt på sitt og kallar det klementiner, medan eg ikkje klarar å ta ordet i min munn; det heiter jo mandarinar! Dessverre har han rett, mandarinane har faktisk ikkje vore til sals i Norge på over 20 år! ...men for meg heiter dei mandarinar, og kjem alltid til å gjere det. :)
Har du tatt jula i hus?
Og heiter det mandarinar eller klementiner?

Pssst. Sjølv om eg har tatt mandarinane inn i varmen, betyr ikkje det
at eg kjem til å ta jula i hus før 1. desember, det får no vere måte på.
at eg kjem til å ta jula i hus før 1. desember, det får no vere måte på.
Abonner på:
Innlegg (Atom)