for no har eg funne drømmestøvlane. Tihi :)
fredag 31. oktober 2008
Kaldt!

The winter has arrived. Sjølv om ikkje snøen er komen til Sogndal, er det iskaldt ute. Og inne. Vi har (endelig!) skrudd på varmekablane i leilegheita, så no er det varmt og godt her. Men uansett kor kaldt eller varmt det er, er eg kald på beina. Tjukkesokkane er mine faste følgesvenner, till death do us part.
Har lenge vurdert å skaffe meg ei vinterjakke, så i går tråla Tonje og eg butikkane i shoppingmekkaet Sogndal. Enda opp med ei tjukk og god jakke frå Vero Moda, som heilt sikkert kjem til å holde meg varm i vinter. No er det berre vinterskoa som manglar, klarar ikkje heilt å bestemme meg for kva eg vil ha. Any suggestions?
torsdag 30. oktober 2008
Hello Eksosrør
onsdag 29. oktober 2008
Mobillaus

Min tre månadar gamle mobil bestemte seg i løpet av Hovden-turen for å takke for seg, så no er eg ikkje tilgjengeleg på telefon ei tid framover. Veit at slike produkt ikkje har lang levetid no til dags, men tre månadar er litt drøyt synst eg. Har sendt telefonen inn til reperasjon i dag, så det blir spennande å sjå kor mange veker det tar før eg får den tilbake...
Fjellturisme på Hovden
På Hovden fekk vi oppleve sesongens første snøfall og eit fantastisk vinterveir, som satte ein spiss på turen. Vi overnatta i ei koselig hytte, men etter to netter i øverste etasje på ei køyeseng var det godt å kome heim til si eiga normalt høge seng. Trur eg sovna før eg fekk lagt hovudet på puta, tar visst på å vere på tur.
laurdag 25. oktober 2008
Storm på veg?
No er første hauststormen på veg. Vi har ikkje merka så mykje her i Sogndal, men eg fekk 2 mms'ar i frå mamma i dag tidlig. Stormen har tydelegvis vore på ferde Stryn i natt. Når dei vakna i dag hadde trampolina prøvd å klatre opp på verandaen i løpet av natta. På tide å binde fast alt som er laust?


torsdag 23. oktober 2008
Søtaste pysjamasen
Må ta litt inspirasjon i frå Hilde Christina i dag,
og vise dåkke den søtaste pysjamasen eg har sett!
Den berre må vere heilt perfekt for frostpinnen Henriette.
Flanellpysjamas med 'fota' må vere deilig på kalde vinternetter...
Abonner på:
Innlegg (Atom)

