onsdag 10. desember 2008

Mennesket sin beste venn


..e tydeligvis dyra sin beste venn òg!


Sjå videoen der ein heimlaus hund risikerer livet for å redde den påkjørte kompisen sin, det gjer vondt i hjertet mitt. <3
.

Dark Purple Dress

.
Har hatt ein koseleg dag i lag med Renate og Sara i Olden, vi trilla dukkevogn, leika med dukker, og såg Teletubbies. Merkar at eg savnar å vere i barnehagen, så det er godt eg har Sara å leike litt med. :)

Fekk HM-pakken min i dag, og min
nydelige lilla kjole. Eg elskar den! Kjolen forutset at eg ikkje et i jula, så no framover blir det ingen utskeiingar, meeeen eg trur den er verdt det. :D No må eg berre finne sko og tilbehør. I sølv eller svart eller ein anna farge?? Gje meg gjerne eit tips eller to!


Ikkje det beste bildet, kjolen er skrukkete,

og eg burde gjerne hatt ein anna bh, men shit au :)
.

tysdag 9. desember 2008

Driving home for christmas

.
Hadde ein superkoseleg kveld ilag med klassen i går, med fantastisk julebuffet og kjekt samvær på Lægreids-puben. Litt trist og rart å tenke på at vi kun har eit halvt år igjen i lag i Sogndal.. Lurar på kvar vi endar opp neste år?!


Var kjempekoz å køyre heim i dag, med julemusikk i høgtalarane, og snø på alle kantar. Julestemninga kjem snikande. No har eg ferie i 5 veker framover. Kva i alle dagar skal ein finne på? Luksusproblem, I know. Tar eg ikkje heilt feil, så blir eg vel slave for mamma.

Har forresten store planar om å lære meg å strikke sokkar (eit resultat av mitt enorme tjukkesokkforbruk) i løpet av jula, så dersom nokon føler for å vere strikkelæremester må dei berre seie i frå. :) Tar gjerne i mot ferdigstrikka tjukkesokkar òg, dersom nokon vil donere vekk til ein frostpinne. Mogleg eg fryse i hel før eg klarar å strikke sokkane sjølv.

Har du forslag til kva eg kan finne på den neste månaden?
Kan du å strikke sokkar? :D
.

søndag 7. desember 2008

Eksamenslei

.
Dagen før årets siste eksamen. Eg har lest altformange dagar i strekk, så no er hovudet mitt fullt, og eg er sliten og frustrert over at eg ikkje får inn meir. Men nok er nok. Det skal bli godt å levere eksamen i morgon, og ta juleferie med god (?) samvittighet.

Klassen skal samlast til eit velfortent julebord i morgon kveld. Dersom ein ser vekk i frå at eg ikkje har noko å ha på meg, så gler eg meg til ein koseleg kveld med julemat, jule(rus)brus og julesamvær :)



Har du tatt juleferie?
Skal du på julebord i år?

.

onsdag 3. desember 2008

Fred Claus (2007) og julefilmfavorittar

. Vi har sett årets første julefilm. Fred Claus var ein koseleg film, med masse fin julemusikk og søte nissar som fekk fram litt julestemning i meg iallefall. Det var ikkje den beste filmen eg har sett, men godkjent som førjulskos. :)

The Holiday og Love Actually derimot,
er obligatoriske julefilmar, og må sjåast for komplett
julestemning.



Har du ein julefilmfavoritt?
.

tysdag 2. desember 2008

Julemysteriet

.
Advent og jul er tradisjonane si høgtid,
og no har eg faktisk talt laga meg min eigen lisje tradisjon.


Det har seg sånn at når eg gjekk på barneskulen, var det høgtlesing og tenning av lys i adventsstunda kvar morgon. Eg har no gått til innkjøp av, og byrja å lese den same boka; "Julemysteriet" av Jostein Gaarder. Min første eigenproduserte adventstradisjon. Boka har 24 kapittel, så det blir nesten som ein adventskalender. Den er faktisk akkurat like spennande som eg huska at den var for over 15 (kremt) år sidan
. Det er berre så synd at Jan ikkje er interessert i høgtlesing på sengekanten. Eg kan ikkje forstå det. :)

Har du nokon tradisjonar i adventstida?
.

måndag 1. desember 2008

1. luka i kalenderen

.
I går var det 1. søndag i advent, og tid for å få litt julestemning i kroppen. Vi har ikkje overdrive pyntinga, men har fått opp adventsstaken og litt lilla details rundtomkring. Julebrusen låg kald og klar i kjøleskapet, så etter ein fin tur på glattisen med Tonje, hadde eg kozelig julebrusdate med Jan. <3

I dag er det tilbake til eksamenslesing, kun éi veke igjen til ferie no! Trur det blir ei lang veke...


Når ein er blitt for gammal (!?) til å
adventskalender, må ein visst kjøpe dei sjølv.. Så i dag har eg kjøpt FlaxJulekalender til Jan & meg, litt meir spennande enn sjokoladekalender, syns eg iallefall ;)




Kva slags julekalender har du?

Har du pynta til advent/jul?
.