onsdag 31. desember 2008

I 2009 skal eg...

.
Eit nytt år er snart i startgropa, og vi kan starte med blanke ark og prøve å vere flinkare til det ein ikkje har fått til i det forrige. Eg har eigentleg aldri hatt skikkelige nyttårsforsett før, så det er vanskeleg å vite om eg klarar å halde dei. Har difor vore snill med meg sjølv og ikkje talfesta kor mykje meir som er målet, berre det er meir enn før. ;)


I 2009 skal eg prøve å...

  • trene meir
  • spare pengar, og opprette BSU-konto
  • lese meir bøker (og dermed bruke mindre tid foran tv & pc)
  • ete meir frukt og grønnsaker
  • bli meir tolmodig
  • legge meg tidlegare
  • lære meg å strikke (først og fremst sokkar)
  • bli flinkare til å besøke vennane mine oftare

Det eg er mest skeptisk til, er pengesparinga.. Det har eg aldri vore god på!
Vi får sjå kva som skjer, og kor mykje eg sit igjen med på kontoen om eit år. ;)

Kva er dine nyttårsforsett for 2009?
.

Nyttårsfeiring på høgt plan

.

No tikkar klokka sakte men sikkert mot starten på eit nytt år. 2009 nærmar seg med stormskritt. Eg sit heime i stova ilag med familien, og feberen jobbar på i kroppen. Helst skulle eg ha vore ilag med den fine kjæresten min, skåla i champagne og hatt det kjekt i lag med venner. Men sånn vart det ikkje i år. Eg skal iallefall gjere det beste ut av det, dvs drikke julebrus og sjå på rakettane frå vindauget. Woohoo! :)


Ha ein super kveld i lag med dykkar nære og kjære,
og fest litt for meg òg,
så snakkast vi (friske & raske) i 2009.


GODT NYTT ÅR ALLE SAMAN!


.

tysdag 30. desember 2008

Prosjekt Bli Frisk

.
Veit ikkje om det er på grunn av dei få festane eg har vore på, all stillesittinga, eller den "sunne" juledietten... Men no er eg i allefall på god veg til ein eller annan form for influensa. Det verker i heile kroppen, eg er snufsete og feberen har invadert kroppen min. Så no sit eg her og knaskar paracet, kastar i meg mandarinar (vitaminar!), og heller i meg liter på liter med vatn og te
(årets favoritt: Eple, kanel og rosin-te). Ein av dei søtaste filmane eg veit om; Kamilla og Tyven, har underholdt meg i dag. Trur den gjor meg litt betre, så kanskje eg må sjå 2'aren òg. Dagens prosjekt er å gjere alt for å få styggedomen ut av kroppen.

Eg skal skal
skal vere frisk i morgon! Det ville no vore for gale å sitte heime på nyttårsafta når ein eigentleg skal vere ute og ha det kjekt ilag med sine nære og kjære. Den opprinnelege planen er å feire nyttårsafta på Eid, saman med kjæresten min og venene hans. Håpar eg klarer å drive viruset ut av kroppen i løpet av kvelden. God bedring til meg. :)

Har du eit tips til korleis eg kan bli frisk?
Korleis skal du feire nyttår i år?

.

Lush - Fersk handlaga kosmetikk

.
I det siste har eg høyrt mykje om Lush, og deira produkt som er laga av (for det meste) naturlege ingrediensar. Har hatt lyst til å prøve produkta deira, og etter som eg aldri klarar å finne ein god shampoo, har eg bestemt meg for å teste ut Lush sine hårprodukt + diverse anna.


Dusjsåpe - Yummy Yummy Yummy

"Den beste showergel for den mykeste hud. Nam nam nam! Jordbær- og mandelkremdusj. Lush fant ut at kostnaden med en vanlig dusjgel vanligvis er 20% ingredienser og 80% innpakning. Hos Lush er det stikk motsatt, enkel innpakning og fylt med deilige, naturlige ingredienser. Yummyx3 er virkelig vidunderlig deilig med friske jordbær, beroligende honning og mandelolje for fukt, samt en dråpe foryngende olibanumolje. Dette er ikke hvilken dusjgel som helst, men den mest deilige kremvask noensinne for den mykeste hud."

Shampoo - I Love Juicy

"En virkelig fruktig sjøalgegele-shampo, med mango, ananas, kiwi og papaya for dyprengjøring. (Pluss sitron for glans.) Fukt håret, masser inn shampoen en gang, og skyll. (Gjentas kun om håret er veldig skittent.) Når du vasker med en fruktfull mix vil skitten strippes av og samtidig vil håret ditt være mykt til enhver tid. Ikke vær skitten, vær fruktig!"

Balsam - American Cream

"Duften av delikat kremet honning, friske jordbær og vaniljemix er så sexy at daten din ikke greier å holde fingrene unna håret ditt. Det gjør ikke noe om håret ditt blir bustet til, American Cream vil gjøre det enkelt å gre ut igjen, tilfører mykhet og duft til det mest ulydige hår. Bruk som en vanlig balsam, masser den godt inn i håret og skyll grundig."

Handkrem - Handy Gurugu Hand Cream

"Hjelpende, himmelsk håndkrem, full av urter, og med naturlig sheasmør fra våre venner i Ghana. Absorberes straks og gir myk hud. Vårt kreative team reiste i 15 timer på en humpete busstur for å finne landsbyene hvor vårt sheasmør er håndlaget av innfødte kvinner.(Mennene sitter og ser på.) Resultatet er den friskeste, deiligste, mest duftene og naturligste kremen du noen gang får mellom hendene. (Bokstavelig talt) Først tilsettes rosevann og i tillegg seks andre naturlige oljer og smør. Du kommer til å elske denne!"

Bestilte det i går, og i dag vart det sendt, så sjølv om vi har nokre raude dagar framfor oss, tek det vel ikkje lenge før eg har dei i postkassa mi. Can't wait! :)

Har du prøvd produkta til Lush?
Fornøgd eller ikkje fornøgd?
.

søndag 28. desember 2008

Romjulsrock

.

1. juledag hadde vi reunion for Strynerussen 2003, kjempekjekt å møte igjen folk eg ikkje har snakka med eller sett på evigheter! Trur vi burde gjere det til ein årleg tradisjon for å klare å halde kontakta. Eg har blitt fryktelig dårleg på å ta bilder i det siste, men veit det var mange andre som gjor det, så gler meg (?) til å sjå dei. :) Var ikkje berre-berre å kome seg heim frå Jennis, så det vart ganske seint før eg kom meg i seng. 2. juledag vart difor ein redusert dag og rolig kveld med kjæresten.


3. dag hadde vi tradisjonen tru tenkt oss på Alexandra i lag med resten av Nordfjord si befolkning. Men av ein eller annan grunn har ingen av oss kome på at vi måtte ha billettar, og vi vart difor sittande heime med våre respektive familiar. (Note to self: Kjøp billettar tidleg neste år!) Min kjære og eg inviterte difor to av mine søskenbarn Monica og Carina + kjæresten Torbjørn på vinkveld. Vi hadde det kjempekoselig, ei meir enn fullgod erstatning for å springe rundt i gangane på hotellet. ;) I dag blir det familieselskap her heime, jula er ikkje den same utan. :)
.

torsdag 25. desember 2008

Jeg er så glad hver julekveld..

.
Tenk at vi har gleda oss, og forberedt oss så lenge, til ein einaste kveld. Som er over på null komma niks.

Vi hadde ein nydeleg julemiddag, med ribbe, dampepølse, poteter, surkål og kålrabistappe. Og ikkje minst Solo blanda med bittelitt Vørterøl, ein tradisjon farfar introduserte for meg, og eg og pappa har teke vidare. Ingen julemiddag utan!


Meeen det var noko(n) som mangla ved julemiddagen;
lillebror Inge som e i Bergen med kjæresten i jula, vi savna deg!


Etter middagen satt heile familien henslengt i sofaen med tjukkebollamagane sine, men det tok ikkje lenge før gåvene sto for tur. Og berre etter kort tid såg stova bomba ut, papir over alt! Alle vart meir enn fornøgde, vi har nok vore litt for snilde i år òg.

Av ein eller annan grunn var det mykje lilla i mine gåver i år, skal tru kvifor? *plystre*
Sjekk den lilla veska med LILLA verktøy i, haha, I love it! :)


Til kjæresten, vennar, venninner, søsken, foreldre, svigers,
søskenbarn, tanter, onklar og bestemødre;


Tusen tusen tusen takk for alle julegåvene! <3
.

onsdag 24. desember 2008

It's Christmas!

.
No sitte eg her i godstolen, med pysjbuksa på, ein full julesokk, og Blomster Finn pyntar bord i lag med Lene Alexandra på tv. Det kan ikkje bety anna enn at jula er her.

(takk for pysjbuksetips, Magnhild, I love it :)

No skal eg tilbringe eit par timar i pysjbuksa framfor tv'en, før det er tid for graut uten mandel i. Seinare tar vi turen til farmor, tanta, onkel og Eline for julegåveutveksling, og så er det heim å dusje og få på seg julekjolen før årets beste middag, og sist men ikkje minst; juuulepakkane. ;)


Vil ønske dåkke alle ein riktig fin julekveld, kos dåkke masse ilag med familien. <3

.