tysdag 25. august 2009

Multikulturelt studie

.
Då var vi tilbake i Stavanger etter ein finfin Rhodostur. Har hatt litt startvanskar, og måtte stå over den første forelesinga då ei matforgifting (e.l.) ikkje har gjett slepp på magane våre enno.

I dag var vi på skulebenken igjen, og dette ser ut til å bli eit spennande år. Klassen består av studentar frå minst 15 ulike nasjonar, ei god blanding frå Kazakhstan, Nepal, Russland, Bangladesh, Tyrkia, Iran, Kina, Malaysia osv. Synst det er utruleg at dei kjem til lille Stavanger for å studere turisme.

Studieåret starta med navneleikar og kommunikasjonsaktivitetar, just my kind of thing - eller ikkje. Men det var morsomt og vi lærte alle navna, nåke som faktisk ikkje er berre-berre i denne klassen. ;)
.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar