fredag 31. oktober 2008

Drømmestøvlane




No angrar eg litt på at eg har kjøpt meg støvlar,

for no har eg funne drømmestøvlane. Tihi :)

Kaldt!


The winter has arrived. Sjølv om ikkje snøen er komen til Sogndal, er det iskaldt ute. Og inne. Vi har (endelig!) skrudd på varmekablane i leilegheita, så no er det varmt og godt her. Men uansett kor kaldt eller varmt det er, er eg kald på beina. T
jukkesokkane er mine faste følgesvenner, till death do us part.

Har lenge vurdert å skaffe meg ei vinterjakke, så i går tråla Tonje og eg butikkane i shoppingmekkaet Sogndal. Enda opp med ei tjukk og god jakke frå Vero Moda, som heilt sikkert kjem til å holde meg varm i vinter. No er det berre vinterskoa som manglar, klarar ikkje heilt å bestemme meg for kva eg vil ha. Any suggestions?

torsdag 30. oktober 2008

Hello Eksosrør


Skulle gjerne hatt det søtaste eksosrøret på bilen, men spørst no om min bedre halvdel ville godtatt det. Ka dåkke trur? :)


onsdag 29. oktober 2008

Mobillaus


Min tre månadar gamle mobil bestemte seg i løpet av Hovden-turen for å takke for seg, så no er eg ikkje tilgjengeleg på telefon ei tid framover. Veit at slike produkt ikkje har lang levetid no til dags, men tre månadar er litt drøyt synst eg. Har sendt telefonen inn til reperasjon i dag, så det blir spennande å sjå kor mange veker det tar før eg får den tilbake...

Fjellturisme på Hovden


Dei tre siste dagane har eg vore på tur med naturbasertturisme-klassen, vi deltok på Innovativ Fjellturisme-seminaret på Hovden (så langt sør i Norge har eg ikkje vore før!). Vi har tilbrakt dei fleste av døgnets timar i bil og resten på ein hard stol i konferansesalen. Berekraftig turisme, skiturisme, fuglekikkingsturisme, fjellturisme, festivalturisme, togturisme, russisk turisme og en heil del andre (meir eller mindre interessante) turisma sto på plakaten. Men vi har lært mykje, og det var vel det som var meininga.

På Hovden fekk vi oppleve sesongens første snøfall og eit fantastisk vinterveir, som satte ein spiss på turen. Vi overnatta i ei koselig hytte, men etter to netter i øverste etasje på ei køyeseng var det godt å kome heim til si eiga normalt høge seng. Trur eg sovna før eg fekk lagt hovudet på puta, tar visst på å vere på tur.



laurdag 25. oktober 2008

Storm på veg?


No er første
hauststormen på veg. Vi har ikkje merka så mykje her i Sogndal, men eg fekk 2 mms'ar i frå mamma i dag tidlig. Stormen har tydelegvis vore på ferde Stryn i natt. Når dei vakna i dag hadde trampolina prøvd å klatre opp på verandaen i løpet av natta. På tide å binde fast alt som er laust?







torsdag 23. oktober 2008

Søtaste pysjamasen


Må ta litt inspirasjon i frå Hilde Christina i dag,
og vise dåkke den søtaste pysjamasen eg har sett!
Den berre vere heilt perfekt for frostpinnen Henriette.
Flanellpysjamas med 'fota' må vere deilig på kalde vinternetter...

tysdag 21. oktober 2008

Filmtips: Rogue (2007)


Mitt neste filmtips kjem her. Rogue (eller Territory) er ein nervepirrande krokodillefilm, og eg sat klistra frå første stund. Spenningsnivået bygde seg opp, og tok kanskje litt av på slutten for meg som ikkje er overglad i overnaturlege effektar på film. Men som skrekkfilm funka den fint, for skremt vart eg.

Gina Tricot - nettbutikk!


Her kjem ei svært god nyheit for alle oss som bur i ingenmannsland (iallefall i forhold til shopping);

Gina Tricot har fått nettbutikk!

Om dette er godt eller dårleg nytt for mitt vedkomande gjenstår å sjå. Sjølvbeherskelse er tingen, og dét er eg dårleg på.

måndag 20. oktober 2008

Gjesp!


Har vore ein laaang og hard dag idag. Er så trøtt at eg kunne ha sovna på sekundet. Men legge meg? Nei, legge meg gjer eg ikkje før eg er våken. Lys våken. Då blir eg gjerne liggande ein time før eg sovnar. Trur eg bør endre taktikk snart. Men ikkje i kveld. Kanskje imåra?

søndag 19. oktober 2008

Rekeaften og filmkveld


Vi hadde ein koselig kveld ilag med Tonje, Eirik
og Bønna i går. Åt haugevis med (ferdigrenska!) reker, loff, sitron og majones. Nam! Vertane hadde berekna at det var storetarar som kom på besøk, så dei kan kose seg med reker fram til jul. Filmen vi såg, The Happening, kjem dessverre ikkje på Filmtips-lista mi. Enkelte scener klarte å skremme vettet av meg (det skal vel egentleg ikkje so mykje til), men det er lenge sidan eg har sett ein så dårleg thriller. Vi enda opp med å sjå litt av Armageddon som gjekk på TV, den hadde gått rett inn på lista mi for 10 år sidan.

laurdag 18. oktober 2008

Filmtips: Sex And The City: The Movie (2008)

Her kjem eit ganske unødvendig filmtips, sidan eg sannsynlegvis er den einaste jenta i verda som ikkje har klart å somle seg til å s"Sex And The City: The Movie" før i kveld. Men dersom det, mot formodning, skulle vere nokon der ute som er like treige som meg, må denne filmen anbefalast òg. Eg koste meg igjennom dei 139 minutta filmen varte, og ser den gjerne igjen, Tonje ;) Veit ikkje om min bedre halvdel var like begeistra som meg, men han sovna ikkje, berre nesten. Men så er vel gjerne filmen laga hovudsakleg for den kvinnelege delen av jordas befolkning. I loved it

fredag 17. oktober 2008

Filmtips: Varg Veum


Som nokon kanskje allereie veit, er eg (og min Jan) veldig glad i å sjå film.
Så her kjem det første, men heilt sikkert ikkje det siste, filmtipset i frå meg.

Mi første anbefaling er Varg Veum-filmane. Dette er norsk krim på sitt aller beste. Det har til no kome ut 6 Varg Veum-filmar, og 6 nye er på veg. Gunnar Staalesen har i alt skrive tretten Varg Veum-romanar, så eg håpar at den siste blir til film òg.
Falne Engler er min favoritt, enn så lenge.



Bitre Blomster

Tornerose

Din Til Døden

Falne Engler

Kvinnen i Kjøleskapet

Begravde Hunder

torsdag 16. oktober 2008

Prison Break - endelig!

I kveld er kvelden vi har venta så lenge på komen; sesongstart på Prison Break på TV3. ENDELIG! Det er berre å rigge seg til i sofaen, eg gledar meg iallefall!

Cøliaki?

Den siste tida har ikkje magen min oppført seg som den skal, så eg held no på med utredning for å finne ut kva som er gale. Fastlegen min trur det kan vere cøliaki (glutenallergi), så i dag har eg vore på Lærdal sjukehus for ein svært ubehagelig gastroskopi. Noko eg helst skulle vore foruten. Men no er det heldigvis over, og eg må vente to veker før eg får svar på prøvene. Kanskje utolmodige Henriette blir tolmodig av dinna her ventinga som det ikkje er reint lite av i Helse Norge?

Fekk no i det minste ein koselig roadtrip med kjæres
ten som var så snill å vere med som reisefølge og støttekontakt.

tysdag 14. oktober 2008

Fusilli - anbefalast!




Etter ein frisk skogtur kom eg heim til min snille kjæreste og ein nydelig middag, som eg berre anbefale. Toro sin nye
Fu
silli i kremet tomatsaus med ost og italienske urter.
Tastes like heaven (og litt som Lasagne), prøv den!

På skogtur med mentor


Vi har no eit ganske omfattande arbeidskrav i Natur- og aktivitetsbasert Turisme, som går på turplanlegging. Vi skal planlegge ein tur i fjellet frå byrjing til slutt, og gjennomføre den med ei gruppe "turistar". I rollene som turistar har vi denne gongen afrikanarar i frå Sogndal Statlege Mottak. Dette kan bli spanande!

Tonje, Ruth og eg var i dag i Amladalen og fekk sjekka ut turruta og leirområdet der vi skal brenne bål og lage mat. "Villmark" er innspelt i denne skogen, så vi var litt smånervøse der vi traska av gårde og kikka oss rundt etter ein psykopat i raud kjole. Vi hadde med oss Hallvard David frå Mottaket, som var så snill å vise oss vegen. Han har ikkje berre vore vår mentor, men òg mentor på Farmen i 2004. Stas.

måndag 13. oktober 2008

Haustkveld


Nåke av det beste i verden er å sitte inne ein mørk haustkveld, og høyre regnet slå mot vinduet. Med stearinlys på bordet, varm te i koppen og (verdens beste) kjæreste i armkroken er kvelden komplett. Så lenge eg kan sitte sånn, har eg ingenting i mot det vedvarande regnet.

søndag 12. oktober 2008

Julegåvetips


Eg har funne jakka i mitt liv. Ei jakke med ein litt for stiv pris for mi studentlommebok. Dersom nokon kunne tenke seg å sponse meg med dei 3600 kronene den kostar, takkar eg ikkje nei.
Sjansen for at det skjer er vel minimal. Får vel sende ønskeliste til julenissen i år òg. Hadde blitt hoppande glad om den låg under juletreet. Og ja - den e lilla.

laurdag 11. oktober 2008

Dilla på lilla


I dag har eg vore på shopping ilag med mi kjære tante Elisabeth, og det gjekk hardt ut over lommeboka. Har merka at eg i det siste vert tiltrekt av alt som er lilla, og falt i dag for et panneband frå Aloha Hemp som eg ikkje kunne gå i frå. Fann òg ein nydelig lilla hettegenser der, men eg klarte å beherske meg. Klapp på skuldra til meg.

fredag 10. oktober 2008

Familieforøkelse


Vi har i dag overtatt eit lite sjarmtroll av ein bil, og er meget fornøgde med kjøpet. Den bestod første køyreturen med glans, og vi ser fram til mange
spennande
utflukter i lag.

Snart jul..

I mangel på haustferie tar vi no ei lita helg heime i nordfjord. Det blir sannsynlegvis siste helga vi er heime før jul. Eksamenane nærmar seg med stormskritt. Det er i dag mindre enn to månadar til vi tar juleferie, og då startar forberedingane til bacheloroppgåveskriving. Tida går alt for fort. Men først av alt, skal vi hente vårt nye familiemedlem.

torsdag 9. oktober 2008

Friluftsmenneske?



I å
r er vi så heldige at vi har eit fag som heiter Natur og Aktivitetsbasert Turisme, og eg trur eg kjem til å bli friluftsmenneske på heile greia. Vi har hatt fleire turar, både med og uten telt, og fleire skal det bli. Vår forrige tur gjekk til Hølsete, for å lære å lage bål! Skal tru kvar vi endar neste gong?

Eg bloggar - igjen

Har lenge hatt lyst til å ta opp igjen blogginga mi, so here we go again.. Likte ikkje heilt den gamle bloggen min, som hadde mindre moglegheiter, så eg laga meg likesågodt ein ny blogg. Har store planar om å oppdatere litt oftare, så følg med