tysdag 31. mars 2009

Påskevêret 2009

.
To Whom It May Concern / Kjære Gud (?)


Vil herved legge inn ei bestilling på
påskevêret 2009 i perioden 1.-14. april.
( ergo - når eg ikkje har planar om å gjere skulearbeid)



Hadde vore fint med blå himmel og sol,
men dersom temperaturen stig nokre grader,
og skiløypene ser slik ut, gjer ikkje det noko heller.



På førehand takk!

Beste helsing
Henriette-lei-av-regn-og-slaps.
.

fredag 27. mars 2009

I ♥ U

..

torsdag 26. mars 2009

Rotnorsk Glamour

.
Simen Staalnacke og Peder Børresen er designerane og gründerane bak klesmerket Moods of Norway. Frå Stryn skal moteskaparane no erobre USA med klesdesign basert på norsk kultur og historie.


Sjå historia deira på NRK i kveld kl. 19.55.

Og ja, Stryne-patriot er mitt mellomnamn.

.

Dagen derpå, dagen derpå

.
Då har eg endeleg fått summa meg etter den store dagen,
og kan trygt seie at det var ein av dei betre bursdagane eg har hatt.



Kjæresten over alle kjæresta overraska meg med deilig middag,
og for spesielt interesserte; menyen bestod av
gresk salat med fantastisk heimelaga tzatziki
og biff med nydelege fløtegratinerte poteter.

Eg er verkeleg heldig som har ein så flink mesterkokk-kjærest. ♥




Seinare hadde vi koseleg kake & kaffi-besøk. Eg fekk fine bursdagspakka' og Tonje hadde laga veeldig god prinsessekake til meg! Sjokoladekaka klarte eg faktisk å lage heilt sjøl, spesielt stolt av den svært avanserte pyntinga. Tjoho. Trur forresten vi har kakerestar til over påske. Feel free to invite yourselves... :)
.

tysdag 24. mars 2009

9131 dagar gamal :)

.
Fra kalenderen:

  • 24/3-1984 er en lørdag
  • Dette er den 84. dagen i året 1984

  • Hvor lang tid har gått siden 24/3-1984?

  • Ca. 788918400 sekunder
  • Ca. 13148640 minutter
  • Ca. 219144 timer
  • 9131 dager
  • 1304 uker
  • 25 år

  • Astrologi:

  • Stjernetegn for 24/3-1984: Væren
  • Kinesisk: 1984 er Rottens år


  • Hva skjedde i 1984?

  • 1 kg poteter kostet kr 1,67 i engros
  • Sverige vant Melodi Grand Prix
  • Ronald Reagan var president i USA
  • 4 134 353 mennesker bodde i Norge 1/1-1984
  • Det fantes 1 994 302 registrerte motorkjøretøy i Norge

  • Fakta om mennesker født 24/3-1984:

  • Hjertet har slått ca. 920 millioner slag
  • Hjertet har pumpet ca. 65743 tusen liter blod
  • Har pustet inn ca. 78892 tusen liter luft
  • Hver av fingerneglene har vokst ca. 196 centimeter
  • Kroppen har kvittet seg med ca. 22800 liter vann
  • .

    søndag 22. mars 2009

    I ♥ Greengate

    .

    Eg har lenge leita etter dei perfekte tekoppane,
    og no trur eg at eg har funne dei.

    Har iallefall forelska meg i ein serie...
    Greengate har utruleg mykje fint.



    Har spesielt falt for koppane utan hank..


    Og det fine er at ein kan kombinere stripete, blomstrete,
    rutete og prikkete utan at det blir feil. Me ♥.

    .

    laurdag 21. mars 2009

    Kor vart tida av?

    .
    No har det seg slik at min første store bursdag nærmar seg med stormskritt. (dvs. litt for fort) Og i følge fødselsattesten er det snart berre 75 år igjen til eg er 100. Shit, kor vart tida av?

    Uansett, det eg vil fram til er at når ein har "stor" dag er det lov å kjøpe gåve til seg sjølv. Er det ikkje? Eg har iallefall gjort det. ;)



    Klarte ikkje bestemme meg for farge, så derfor tok eg begge.
    Billig & bra passar fint til mi lommebok.
    Så no ventar eg berre på sommaren...



    Og når ein ikkje får blomster, må ein kjøpe blomster sjølv.
    Fekk inn desse søte små på jobb, og kunne ikkje motstå dei. I ♥ Orchids.


    .

    tysdag 17. mars 2009

    Musikktips: Lily Allen

    .
    Min nye favoritt på musikkfronten
    er Lily Allen sitt nye album;

    It's Not Me, It's You
    .



    Eg er ganske sikker på at de har høyrt The Fear på radioen,
    ta ein kikk (?) på dei andre låtene òg. Eg angrar iallefall ikkje.
    .

    søndag 15. mars 2009

    Filmtips: Låt den rätte komma in (2008)

    .
    12 år gamle Oskar vert oversett heime og mobba på skulen.
    Han drøymer om hemn, men slår aldri tilbake.

    Ein dag flytter Eli inn i naboleilegheita,
    og Oskar forelskar seg i henne, på godt og vondt.
    Ho vil lære Oskar å ta hemn.


    Men Eli toler verken sollys eller mat,
    og lever av å drikke andre sitt blod.
    Oskar må ta eit val, kor mykje kan kjærleiken tilgi?



    Lina Leandersson spelar fantastisk i rolla som Eli,
    i denne nydelege kjærleikshistoria med ein grotesk vri.
    .

    laurdag 14. mars 2009

    Barcelona - más que un ciudad

    .
    Då var vi tilbake fra ei nydelig lita veke i Barcelona.
    Kan først og fremst seie at fire daga i den byen er alt for - alt for lite.
    Vi har so vidt hatt tid til å sitte i ro,
    og ikkje fått med oss halvparten av alt som var å sjå og gjere i byen.

    Men
    for en fantastisk by Barcelona er!


    Vi har rusla på ei av dei mange deilige sandstrandene.
    Gjett om vi skal tilbake i sommarsesongen!?



    Vore nærmare hai enn ein eigentleg har lyst til å vere.



    Besøkt enorme Camp Nou!



    ...og sett eit glimt av Eto'o. Hoho.


    La Sagrada Familia

    Vore på byggeplass etter byggeplass,
    og innsett at attraksjonane tiltrekk seg turistar uansett korleis dei ser ut.


    Motto: Been there, done that.




    Sett Barcelona - Lyon ilag med 93 000 andre,
    og oppdaga at FC Barcelona er Més Que Un Club.
    Ubeskrivelig stemning.


    Fått skikkelig vårfølelse,



    ein forsmak på sommaren,



    og vettskremte smalahove på matmarknaden La Boqueria.



    Studert obligatorisk Gaudi-arkitektur,
    utan å verte overbegeistra..


    ..og trakka uendelig mange timar i Barcelona sine gater og butikkar.

    I tillegg har vi ete masse god mat, brukt metroen for alt den er verdt, drukke Mojito på Hard Rock Café, sett hodelause menn på Las Ramblas, brukt alt for mykje pengar, og rett og slett falt pladask for Barcelona ♥
    .

    laurdag 7. mars 2009

    Filmtips: Passengers (2008)

    .
    Fredagskveld er lik filmkveld her i familien, og i går var inget unntak.
    Passengers sto på menyen, godt gjennomtenkt ettersom vi skal ut å fly....
    Eller ikkje.


    Den unge psykologen Claire Summers (Anne Hathaway, me like!) får ansvaret for ei gruppe overlevande etter ein flystyrt. Ho oppdagar at ein av dei få overlevande har fått uforklarlege evner. På jakt etter årsaka til den tragiske hendinga, finn ho ei sanning som er umogleg å tru på...



    Veldig spennande mystery thriller som er verdt å sjå! :)

    Syns forresten filmen har fått urettferdig lav score på IMDB,
    den fortenar verkeleg meir enn 5,6!

    .

    torsdag 5. mars 2009

    Sol, sol, soooooool

    .
    Er det ikkje lov å vere litt småglad når vêrmeldinga for neste veke ser slik ut?
    ...i Barcelona altså! :)


    Eg må seie at no kriblar sommarfuglane litt i magen, eg gler meg veldig til å reise.
    Snart kan vi begynne å telle timar! Eg veit de er misunnelege. ;)
    .

    onsdag 4. mars 2009

    Ungkaren 20 vs. 40

    .
    I morgon er det duka for premiere på årets "Ungkaren 20 vs. 40" på TVNorge.


    Om eg skal følge med? Oh yes!
    Eg likar konseptet, og ekstra spennande er det at det er eit kjent ansikt med.
    Lykke til, Natalie! :)
    Make us proud!

    (Jada, er fullstendig klar over at det er spelt inn på førehand, men though..)

    .

    søndag 1. mars 2009

    Nostalgia: Sjokoladeappelsin

    .
    Eg er sikker på at dei fleste av dykk huskar Freia si Sjokoladeappelsin.
    Og ikkje minst den teite reklamen.


    No er den tilbake i butikkane, i ny innpakning.
    Halleluja!


    Vi har sniksmakt
    pittelitt i dag,
    og kan konstatere at smaken fortsatt er den same gamle.
    Løøøøvli. :)
    .