tysdag 11. november 2008

Heimeeksamen

.

Denne veka har vi heimeeksamen.
Det vil seie at vi er meir på skulen enn heime. Tonje og eg har beslaglagt eit grupperom, og slit, strevar, slost og kranglar, samt kosar oss tidvis med oppgåva, skal bli godt å levere den fredag klokka 14.00. ;)

måndag 10. november 2008

EM gratisprøvar - korleis?

.


For dei som er interesserte i, og har lyst til å bestille gratisprøver frå EM har Hilde Christina laga ein Everyday Minerals ABC. Der finn ein alt ein måtte lure på, og litt til.

søndag 9. november 2008

Everyday Minerals - gratisprøvar


.
Har lenge hatt I.D. Bare Escentuals sin foundation som favoritt, men syns det er drøyt å betale over 400 kroner for ein boks. Har fått et tips om å prøve Everyday Minerals som visstnok skal vere betre for huda, og med ein pris på under 100 kroner må den berre prøvast. No har eg bestilt gratisprøver på foundation, blusher og concealer, for å finne ut kva fargar som passar meg best. Gledar meg til dei kjem i posten.

Farsdag

.
.
Etter som det er farsdag i dag, er det vel på sin plass med eit lite farsdagsinnlegg.
Gratulerer med farsdagen til min snille pappa.

Henriette dansar økologisk

.
Ica si økologiske satsing har gått nok eit skritt vidare.
Klikk her for å sjå MEG danse, og for å lage din eigen økologiske dans.
Fantastisk.



.

laurdag 8. november 2008

Sogndal - Aalesund

.
I dag har det vore kvalikkamp mellom Sogndal og Aalesund, og sjøl om det dessverre vart tap (kanskje ikkje så overraskande?) kosa vi oss på kamp. Til den store begivenheita tok min minste bror Geir og pappa turen til Sogndal, veldig koseleg med besøk. :) Komande onsdag skal Sogndal til Ålesund og spele den avgjerande kampen, så det er enno ikkje avgjort. Eg er optimist og kryssar fingrane nok ein gong.


..min søte lillebror (som ikkje e så liten lenger) i nytt supporterutstyr :)


Til slutt vil eg oppfordre Rekdal, som meinar at Sogndalsupportarane er Norges verste publikum, til ikkje å skjere alle over éin kam.

fredag 7. november 2008

Moods of Norway + PlayStation = sant





Strynepatrioten i meg synst det er litt kult når gjengen i Moods of Norway går nye vegar. Dei har i samarbeid med Sony PlayStation no designa eit brett til PlayStation3-spelet "LittleBigPlanet", og dermed utvikla sin eigen virtuelle verden. "LittleBigPlanet" vert lansert i dag, og det spesialdesigna brettet til Moods vil ein etter kvart kunne laste ned i frå nettet. Nesten så ein får lyst til å skaffe seg ein PS3, eller ka Jan? :)