tysdag 14. april 2009

Jostein Gaarder - Appelsinpiken (2003)

.
"Faren min døde for elleve år siden. Da var jeg bare fire år gammel. Jeg trodde ikke at jeg skulle høre noe mer fra ham, men nå skriver vi bok sammen." ("Appelsinpiken" J. Gaarder 2003)


Georg er som femtenåringar flest - heilt til den dagen han mottar eit brev faren skreiv før han døde. I brevet fortel faren om ungdomsforelskelsen og jakta på den mystiske appelsinpiken. Boka vekslar mellom faren sitt brev til Georg, og Georg sine tankar og meiningar.

Då eg var lita var eg ein ekte lesehest. Det har endra seg, og no har eg svært vanskeleg for å verte fengsla av bøker, men Jostein Gaarder og Appelsinpiken klarte å fange meg frå første stund. Boka kom ut i 2003 og er faktisk oversett til 43 språk, dét syns eg er litt imponerande!

Eg ser veldig fram til å sjå filmen om Appelsinpiken, men er redd for at dei har endra mykje på historia. Har høyrt stygge rykter om det. Men sjå den, det skal eg.



.

6 kommentarer:

  1. Eg trur eg må lese den boka :)

    SvarSlett
  2. D anbefala eg virkelig, Karoline :)

    SvarSlett
  3. Den skal komme på lista mi over bøke som eg må lese, gleda meg til den dange eg kan pakke sette vekk studiebøker og sette meg til rette med god samvittigheit og lese andre bøker!!! Oj,oj,oj,oj det blir fint :)

    SvarSlett
  4. D gleda eg meg veldig til òg, men frykta det blir lenge til :)

    SvarSlett
  5. Har du sett den no?
    Vart du skuffa?

    SvarSlett
  6. Har dessverre ikkje fått sett den enda, her i Sogndal må vi vente nærmare eit halvt år før filmane kjem på kino. Håpa på mai :)

    SvarSlett