fredag 8. mai 2009

Husmortriks 1

.

I "gamledage", det vil seie når foreldra mine var unge, eksisterte husmorskulen fortsatt, og der lærte mødrene våre alt som skulle til for å bli gode husmødre.

Om husmorskulen burde eksistert i dag, er ein anna diskusjon, men av og til føler eg at eg kunne trengt det. Det er mykje ein skal lære på den lange vegen mot å bli husmor, og i dag har eg lært eit triks som gjer at eg er eitt skritt nærare. Trur eg iallefall...


Søndag er det konfirmasjon, så i morgon skal eg stryke bunadskjorte, og har i den anledning lagt bunadskjorta i frysen(?).
Mi kloke tante
(som òg har gått husmorskulen) har fortalt at det skal gjere det lettare å stryke skjorta. Forrige gong brukte eg ikkje mindre enn tre timar.

Stay tuned - fleire husmortriks vil kome etter kvart.
.

5 kommentarer:

  1. hehe..eg og fekk tipset om å legge den i frysaren:) mamma (som også har gått på husmorskulen) kom med den lure ideen:) - men eg har så liten frysar at eg fekk ikkje plass! hehe. men blei no strøkja skjorte fordi:)

    lykket til med strykinga:)
    (kjekt å sjå deg att i påska forresten).. klem frå Ålebyn:)

    SvarSlett
  2. Hei, hei
    Smart tips! Eg er spent på fleire gode husmortips(no har eg store forventningar om at eg skal klare og bli ei god husmor ved hjelp av dine tips:-))
    Klem Jorunn

    SvarSlett
  3. ditta visste eg òg faktisk:D Luuurt:)
    Va det kjekt idag?:)

    SvarSlett
  4. Interessant...lykke til med strykinga! Desverre har eg ingen bunad eller bunadskjørta å øve på :-(

    SvarSlett
  5. Hadde det vore opp til meg hadde eg glatt søkt husmorsskulen! OM det var for eit år eller noke. Å bli like god husmor som mamma har eg ikkje sjans til å bli! I det HEILE. Går det an å starte husmorskule?? Få nokon drevne husmødre til å drive den? Hadde søkt på flekken. I alle fall i det det nerma seg:)

    SvarSlett