søndag 2. november 2008

Filmtips? Fatso (2008)



Litt usikker på om eg skal legge inn Fatso som filmtips eller ikkje, då eg ikkje er heilt sikker på kva eg synst om filmen. Filmen har fått utruleg mykje PR både før og etter lanse
ring, muligens på grunn av si tragikomiske hovudrolle Rino og eksentriske scener, men truleg har Jenny Skavlan mykje av "æra" for dette. Det kan umulig vere nokon som har fått meir PR for ei så lita birolle. All omtalen gjor iallefall slik at eg hadde svært høge forventingar, og det var vel kanskje derfor at eg vart litt skuffa.

Filmen hadde fleire morosame episodar, men litt for mykje dødtid. Fjortisane i kinosalen storkosa seg, så kanskje eg rett og slett ikkje er i målgruppa? Oppsummerer med at det var ein heilt grei måte å tilbringe laurdagskvelden på, men ikkje ein film eg kjem til å sjå igjen.

Pssssst! Trur det er første og siste gong eg har nakne damer på bloggen min. Enjoy :)

3 kommentarer:

  1. hmm.. altså, eg har no tenkt å sjå den ein gong likevel ;) sidan eg har blitt så påverka av media liksom.. ;)

    SvarSlett
  2. Hehe, ja ekje sånn at eg angra på at eg såg den ;) men hadde forventa og håpa at den va bedre :D

    SvarSlett
  3. den kunne jeg tenk meg å se :) viss de ikke er en aldersgrense på den da x)

    SvarSlett