måndag 3. november 2008

Glutenfrie pannekaker og tomatsuppe




Eg ventar og ventar og ventar på svar på Gastroskopi-prøven. Ringte legekontoret i dag, men dei hadde enno ikkje fått noko svar. Likevel hadde eg mitt første glutenfrie måltid i dag. Vi (les: eg) hadde så lyst på pannekaker til middag, men sist gong vi åt vanlege pannekaker holdt eg på å krepere, og difor vart det glutenfrie pannekaker i dag. Til pannekaker må ein ha tomatsuppe, men dumme meg tenkte ikkje på at tomatsuppe inneheld kveitemjøl, og difor boblar magen min no. Men ikkje på langt nær så gale som forrige pannekakemiddag, så noko riktig må eg ha gjort. Akkurat no håpar eg på å få beskjed om at eg har glutenallergi så eg slepp meir utredning, for eg veit at noko er gale. Og no når eg har prøvd å holde meg unna glutenprodukt fungerar magen min mykje bedre. Så kjære Gud, la prøven vere positiv så eg sleppe å tenke meir på kva anna det kan vere...

Er det forresten andre enn meg som må ha tomatsuppe til pannekaker? Har hatt fleire diskusjonar om dette, men ingen skjønnar korleis ein kan kombinere pannekaker og tomatsuppe. Perfekt kombinasjon spør du meg.

7 kommentarer:

  1. tomatsuppe? den forstår eg ikkje... da ska jo vere pannekake, bacon og blåbærsylte :)
    hm, kanskje eg skal prøve med tomatsuppe ein gong, men for å ve heilt ærleg så tvila eg på at eg kjem til å gjer det ;)

    SvarSlett
  2. blåbærsylte høyre med òg ;) syns du skal prøve tomatsuppe ;)

    SvarSlett
  3. Hehehe so søt du e, tomatsuppe til pannekake :) Den var ny, korleis har du komme på den kombinasjone i grunn?

    SvarSlett
  4. hehe..har vel egentlig vokst opp med det, så har ikkje akkurat kome på det sjøl ;) Men prøv, trur ikkje du blir skuffa! ;)

    SvarSlett
  5. det e en heilt normal og god kombinasjon:) berre så det er sagt

    SvarSlett
  6. hehe, godt nokon støttar meg :)

    SvarSlett
  7. Helt enig! Det er tomatsuppe som hører til :)

    SvarSlett