fredag 14. november 2008

Mandarinar vs. Klementiner

.

Eg er av dei som meinar jula kjem alt for tidleg i butikkane. I fjor hadde eg eit prinsipp om at eg skulle boikotte alt som hadde med jul å gjere før desember kom, og det klarte eg. I år tok eg mandarinane i hus heile 17 dagar før desember startar. Men det er no dei er gode, og det kan eg no ikkje gå glipp av.

Når mandarin-diskusjonen først er oppe, må eg ta opp noko anna i same slengen. Min bedre halvdel står hardt på sitt og kallar det klementiner, medan eg ikkje klarar å ta ordet i min munn; det heiter jo mandarinar! Dessverre har han rett, mandarinane har faktisk ikkje vore til sals i Norge på over 20 år! ...men for meg heiter dei mandarinar, og kjem alltid til å gjere det. :)

Har du tatt jula i hus?
Og heiter det mandarinar eller klementiner?


Pssst. Sjølv om eg har tatt mandarinane inn i varmen, betyr ikkje det
at eg kjem til å ta jula i hus før 1. desember, det får no vere måte på.


6 kommentarer:

  1. For meg blir det ikke jul før etter Thanksgiving (siste helgen i november). Når jeg kommer tilbake til Frankrike 1. desember, da blir det julestemning! :)

    Jeg har alltid sagt klementiner, så der er vi nok uenige ;)

    SvarSlett
  2. Carina: Når er du tilbake i Norge til jul da? :) Skal dåkke til Stryn i år? Eller blir det Bergen istaden?;)

    Tonje: You go girl ;) hehe..

    SvarSlett
  3. Eg ha jobba leeenge på butikk så eg ha kalla de klementinar i åresvis. E berre ein vane trur eg. Dessuten så er dei absolutt best i november og bør nytast då, i desember er dei desverre på hell, men då begynner appelsinene å komme i toppform. Eg syns frukt bør nytast etter sesong og ikkje høgtid. :D Så kos deg me klementinane (mandarinane) me god samvittighet!! :D

    SvarSlett