onsdag 4. februar 2009

Dagens utfordring: Step

.
Okei, eg er offisielt nervøs. Sidan eg byrja å trene på Idrettssenteret har eg sverga til treningsforma spinning, noko eg trivst svært godt med. Men i dag har Tonje lokka (tvinga?) meg med på Step. Greit, det er sikkert sunt å prøve noko nytt, og eg kan iallefall ikkje seie at eg ikkje likar det når eg ikkje har prøvd..

Men; EG, som ikkje eig koordinasjon i kroppen, skal få armar og bein til å samarbeide?!
Wish me luck. Eg skal vere glad om eg kjem ut derifrå med alle kroppsdelane intakte, og sopass mykje av verdigheita i behald at eg kan innta sykkelsalen igjen på fredag. Dét gledar eg meg til. ;)
.

9 kommentarer:

  1. e berre å konsentrere seg om å få med seg beina først, så kan du heller tenke på armane etterpå, lukke til idag ;)

    SvarSlett
  2. Takk! :) Ja, trur d e en god taktikk :P

    SvarSlett
  3. ja e kan ikkje ha me armene...d går rett vest hvis e gjør d..hehe...lykke til da ☺

    SvarSlett
  4. Nadia: Berre hyggelig! :)

    Karina: Takk :P Får ta tipsa fra dei erfarne då :D

    SvarSlett
  5. Henriette!!!! Du må berre bestille deg en tur ned hit, eg er temmelig sikker på at du finn kjole til bryllaupet til Ingeborg her....her er så mykje fint at det er skummelt!!! Skulle våre millionær når en reise på tur ned hit! :) Eg har trua på at du greie ditta med spinninga also :)

    SvarSlett
  6. gikk de kje fint då?:) eg syns du va flink:) Eg vil prøve igjen eg:)

    SvarSlett
  7. Tonje: D gjekk mykje bedre enn venta, eg e med neste gang :)

    SvarSlett
  8. Oioioiio!! Du hella over på ukjent farvann? :P Step er gøy! Var på dansstep i går, og det var jammen complicated stuff! Men så ser det så enkelt ut:(

    SvarSlett