søndag 15. februar 2009

Frelst?

.
Annakvar laurdag tilbringe eg dagen på jobb.
Men vakta i går vart litt utanom det vanlege...

Eg sto i kassa som vanleg, ekspederte
desperate menn med valentinsbukettar, og ante fred og ingen fare. Plutseleg sto det to jenter framfor meg, og smilte. Smilte veldig. Ho eine spurte om ho kunne få lov å seie noko til meg. Eg kunne no ikkje akkurat seie nei. Og der kom det:

"Eg vil berre seie det at Gud elskar deg.
Gud elskar å sjå at du smiler.
Gud elskar å sjå at du ler."

What?! Om eg fekk bakoversveis? Jepp. Vart rett og slett stum, og fekk ikkje fram eit ord. Såg sikkert ganske lost ut.


Så kjem spørsmålet...
"Kjenner du Jesus?" Kva svarar ein på noko slikt då? Joda, her har du svaret: "Om eg kjenne han? Ehm, eg veit no iallefall kem han e." Okei, bra Henriette. Sikkert akkurat det svaret ho hadde forventa og håpa på.

"Eg fekk ein beskjed om å seie til deg at Jesus og Gud har håp for deg og framtida di." Ehm, hjelp? Skal eg bli redd no? Eg vart iallefall heilt satt ut, og klarte ikkje å sei anna enn takk. Takk? Men what to say, liksom? Min medarbeidar Linn Tove og eg kunne ikkje anna enn å le når dei rusla ut frå senteret. Vi lo så tårene rann. Kanskje vart vi frelste eller var det berre ein heilt absurd situasjon på jobb. Kven kveit.

Altså, eg er veldig usikker på kva eg trur, og ikkje trur på. Men det eg
veit at eg trur på, er skjebnen. Everything happens for a reason. Det er ei meining med alt som skjer.

Kva trur du?
.

7 kommentarer:

  1. sånn skjer alltid på jobben min og...får støtt å stadig små "verdibevis" hvor d står at gud å jesus elsker meg...hehe...e knekker like godt hver gang ☺

    SvarSlett
  2. eg trur på karma eg :)
    og lever derfor etter gjensidighetsprinsippet :D

    SvarSlett
  3. Karina: Vi e bra heldige ;)

    Karoline: Karma trur eg òg på, sikkert derfor eg får sånne tegn fra Gud innimellom :P

    SvarSlett
  4. Eg og veit kem Jesus er:D Utruleg bra respons Henris (",) Lure på kva eg ville svart..hmm(??):) No kan du leve godt framøve jaffal:) Gud har trua på deg:)

    SvarSlett
  5. hahahahaha genialt!!! Der fikk du beviset på at du kommer til himmelen :D.

    Men Karma all the way!! Rett og slett!

    SvarSlett
  6. Hahhaha! "Eg veit i alle fall kven han er!"
    Herlig:)

    SvarSlett
  7. Eg hadde ledd dei rett opp i trynet;) Love it!

    SvarSlett