søndag 19. oktober 2008

Rekeaften og filmkveld


Vi hadde ein koselig kveld ilag med Tonje, Eirik
og Bønna i går. Åt haugevis med (ferdigrenska!) reker, loff, sitron og majones. Nam! Vertane hadde berekna at det var storetarar som kom på besøk, så dei kan kose seg med reker fram til jul. Filmen vi såg, The Happening, kjem dessverre ikkje på Filmtips-lista mi. Enkelte scener klarte å skremme vettet av meg (det skal vel egentleg ikkje so mykje til), men det er lenge sidan eg har sett ein så dårleg thriller. Vi enda opp med å sjå litt av Armageddon som gjekk på TV, den hadde gått rett inn på lista mi for 10 år sidan.

4 kommentarer:

  1. Hehe..er enda masse igjen:D Og enda en gang, TUSEN TAKK for bandet:) Dåkke er suuuupre;) (altså, dåkke e de uansett liksom). Må jaffal gjenta aftenen om kje så lenge:) Va koos:)

    SvarSlett
  2. hehe :) Eg e glatt med på gjentakelse! Har hatt lyst på reker i heile dag :D Vakje d et fint bilde eg tok av rekene då? Syns dåkke imponerte med pyntinga og alt det der ;)

    SvarSlett
  3. Åååå gud no fekk eg lyst på reke!! :) Trur jammen de at eg må gå til innkjøp av det neste helg so eg kan trøkkje inn på med reke!! :) En VELDIG god ting du kan lage e viss du sett steikeovnene på ganske max varme, fylle ei skål med olivenolje, tar i kajannepeppar....lat det varme seg opp til det "kokar" så hakkar du opp kvitløk. Så kasta du kvitløk og reker opp i. Så¨lat du det stå eil lita stund....ca toppen 10 min....so serera du med rundstykke ved sida av...veldig bra :)

    SvarSlett
  4. Nam :) D må jo prøvast :) Takk kokke-Elin ;)

    SvarSlett