torsdag 16. oktober 2008

Cøliaki?

Den siste tida har ikkje magen min oppført seg som den skal, så eg held no på med utredning for å finne ut kva som er gale. Fastlegen min trur det kan vere cøliaki (glutenallergi), så i dag har eg vore på Lærdal sjukehus for ein svært ubehagelig gastroskopi. Noko eg helst skulle vore foruten. Men no er det heldigvis over, og eg må vente to veker før eg får svar på prøvene. Kanskje utolmodige Henriette blir tolmodig av dinna her ventinga som det ikkje er reint lite av i Helse Norge?

Fekk no i det minste ein koselig roadtrip med kjæres
ten som var så snill å vere med som reisefølge og støttekontakt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar