onsdag 29. oktober 2008

Fjellturisme på Hovden


Dei tre siste dagane har eg vore på tur med naturbasertturisme-klassen, vi deltok på Innovativ Fjellturisme-seminaret på Hovden (så langt sør i Norge har eg ikkje vore før!). Vi har tilbrakt dei fleste av døgnets timar i bil og resten på ein hard stol i konferansesalen. Berekraftig turisme, skiturisme, fuglekikkingsturisme, fjellturisme, festivalturisme, togturisme, russisk turisme og en heil del andre (meir eller mindre interessante) turisma sto på plakaten. Men vi har lært mykje, og det var vel det som var meininga.

På Hovden fekk vi oppleve sesongens første snøfall og eit fantastisk vinterveir, som satte ein spiss på turen. Vi overnatta i ei koselig hytte, men etter to netter i øverste etasje på ei køyeseng var det godt å kome heim til si eiga normalt høge seng. Trur eg sovna før eg fekk lagt hovudet på puta, tar visst på å vere på tur.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar