søndag 18. januar 2009

Skrekkfilmtips x 3

.
Den siste tida har det vorte mange skrekkfilmar, og eg merkar at det er ein smule meir skummelt å vere aleine heime no, sjølv i den lille leilegheita her. Men so lenge det er lyst ute går det bra...

Dersom du likar skrekkfilmar bør du sjå alle tre, viss ikkje - må du sjå dei likevel!
Her kjem dei iallefall i mi føretrekte rekkefølgje... :)




Laura skal starte ein barneheim for vanskelegstilte barn, og vel barneheimen der ho sjølv vaks opp. Når dei flyttar inn får hennar sju år gamle son Simón mange usynlege vener, men ein dag forsvinn han...



Kiefer Sutherland spelar rolla som sikkerheitsvakt i eit utbrent kjøpesenter i New York. Han ser skremande bilete i speglane (nynorsk for speilene), og desse sender han ut på ei jakt for å avsløre senteret sine hemmelegheitar, samtidig som han og familien vert sett i fare.



Kristen (Liv Tyler) og James (Scott Speedman) er innlosjert i eit isolert feriehus i forbindelse med eit bryllaup, og får besøk av tre framande skjulte bak masker. I sin kamp for å overleve gjer paret ting dei aldri hadde trudd dei var kapable til.
.

10 kommentarer:

  1. Eg har ikkje sett nokon av dei! Men no skal eg jammen legge dei til på brafilm.no-lista mi :)
    Takk for tips!

    SvarSlett
  2. The Strangers hadde ikkje den beste story'en, men på skremme-skalaen scora den høgt ;)

    SvarSlett
  3. Hallo! Koppane mine e i frå IKEA, og dei er egentleg ikkje så store i det heile tatt, meir sånn alminneleg størrelse på. :) men dei e litt fine ja. :) IKEA var det asso. :) :)

    SvarSlett
  4. Ohhhhhh e vet HVERTFALL hva e skal se neste gang adam sovner 100 år før meg:P sliter litt med søvnen... men kanskje ikke akkurat disse filmene hjelper så evi:P hahaha I ♥ Horror :D

    SvarSlett
  5. E dei sann skrekkelig skummle og ekkle dissa filmane??

    SvarSlett
  6. Lene: Kanskje ikkje søvnige filma nei ;)

    Elin: Dei e akkurat passe skumle, sånn at en sitte og kveppe.. (og eg sitte med pute på fanget og holde meg for ørene :P ) Men ikkje ekle med blod og gørr osv. ;)

    SvarSlett
  7. ja det er stoooore koppa som er tingen. det vil eg og ha, så sei i frå om du finne noken fine! :D

    viss de ikkje e sånn blod og gørr i dissa filmane så kan kanskje eg og sjå dei. eg haata blod og gørr filmar :p

    SvarSlett
  8. eg gleda meg til å sjå the strangers :D

    SvarSlett
  9. Karoline: Du får fortelle meg ka du syns om historia når du har sett den, eg syns den va litt ufullstendig ;)

    SvarSlett
  10. kan ikkje sei at eg liker skrekkfilmer i det heile tatt :P
    synst Fritt Vilt var skummel nok, men måtte jo sjå 2'ren og d :p hehe :)

    Sv: det betyr "kvinne" :)
    tar gjerne imot forslag på ordtak o.l :)

    SvarSlett