tysdag 6. januar 2009

Vingle-Henriette

.
No har det seg slik at eg om sånn cirka 5 månadar og 5 dagar (forhåpentlegvis) har levert bacheloroppgåve. Med andre ord er eg då ferdig med mitt 16. (!) år på skulebenken. Kan ikkje forstå anna enn at eg burde vere litt glup etter kvart.

Det som no er mitt store spørsmål og dillemma, er kva eg skal ta meg til med når eg er ferdig med bachelorgrada mi i Turisme og Reiseliv. Skal eg studere endalittmeir? Eller skal eg prøve å finne meg ein relevant jobb? Kanskje begge deler.


Har sett litt på ulike mastergrader, men det er ingen som ropar namnet mitt. Kanskje fordi eg ikkje heilt veit kva dei ulike linjene går ut på, kva fag som er moglege å kombinere, og kanskje aller mest fordiat eg ikkje heilt veit kva eg vil.

Når det kjem til jobbsøking, må ein nesten berre ta det litt på sparket. Kjem til å leite litt og søke på alle relevante stillingar eg kjem over, i tillegg til å håpe at noko positivt kjem ut av bacheloroppgåve-arbeidet vårt. :) Hadde vore fint om den perfekte jobben berre datt ned i hendene på meg.


Ein kjem dessverre ikkje så langt med berre ein bachelorgrad i 2009, så sjansen for å få ein likandes jobb i turismebransjen aukar nok dersom ein har ei mastergrad. Så akkurat i dag hallar eg mot å ta ein master, men eg kjem sikkert til å ombestemme meg neste veke. Eg er ganske ubesluttsom. Vingle-Henriette, that's me.
.

12 kommentarer:

  1. Ja, vanskeleg, ikkje sant? Over 5 år sidan eg var slutt med Bachelor veit eg ikkje fortsett...!!! Eg håpar å få ein jobb som har nokon å gjere med OL i Vancouver, men det er ikkje enkelt!

    Lykke til med bestemmelsen din! :-)

    SvarSlett
  2. Sei i frå viss OL i Vancouver har jobb til meg òg ;) ..så kjem eg flygande! :D

    SvarSlett
  3. uff, ja det er sååå vanskeleg å vete! men kvar vil du gå på master då? :D

    SvarSlett
  4. det er jo for så vidt sant det at det kan bli "teit" at eg ha kvit kjole... hmm... men det er jo i mai da, e jo litt sommer :p men gjeldet det forbudet med kvit kjole i sverige og? :p hehe...
    ska faktisk sende dei en mail med en gang :) takk for tipset, har ikkje tenkt på det faktisk :)

    SvarSlett
  5. ikke rart du er litt "vinglete" da, er vel sikkert det største valget i livet ditt så er jo viktig. ta tiden å følg hjertet ditt ♥

    SvarSlett
  6. Sjønna deg godt eg. Eg har allereide vingla godt fram og tilbake i studenttilværelsen. Og meir vingling skal det bli. Lykke til!! :)

    SvarSlett
  7. Karoline: D e d eg ikkje veit.. Har sett litt på UMB, men likte ikkje heilt fagkombinasjonane deira.

    Frkmalin: Ana ikkje om forbudet gjeld i Sverige ;) Kanskje lurt å høyre med dei du skal i bryllup til? Litt kjedelig om alle trur du e brura ;)

    Lene: Ja d e jo veldig viktig for meg at eg velge riktig, men tippa skjebnen vise vei ;)

    Britt: Bra d ikkje e berre eg so vingla, har no heile livet framfor oss :)

    SvarSlett
  8. nei eg berre kledde den ikkje :p synst ikkje den va fin på meg...
    nei har ikkje fått svar :-/ teite folk :p
    men eg vil jo uansett tru at brura har en litt finare kjole da :p + at mn invitera jostort sett folk man kjenne, så trur alle veit ken brura e liksom :p

    SvarSlett
  9. SJØLVSAGT skal du studere meir!:) Her på Lillehammer e det masse bra masterstudie som enn kan bygge på reiselivsbachelor med. (Trur eg då, ekje godt å vite når enn ikkje går reiseliv)

    Men Lillehammer e jaffal sjæf!

    SvarSlett
  10. Mari: Må sjekke litt ang. Lillehammer ja, reiselivslinja der har jo eit godt rykte :) E jo ingen master spesielt for reiseliv der, men kan hende eg finne nåke anna spennande ;)

    SvarSlett
  11. "Byen" e jaffal perfekt på alle måta, trur nesten det e umulig å ikkje trivst her:)

    SvarSlett
  12. Er det her eg skal kome med gode råd? Eg som har 9 år på høgskule før eg vart det eg ville. Er i grunn ikkje heilt sikker på om eg er heilt ferdig no heller:-)Men gå i allefall på skule no som du har sjansen, det er ei fantastisk tid. Før eg fekk Eskil så såg eg på åra på høgskule som dei beste i livet mitt. Lykke til med valget! Klem

    SvarSlett