laurdag 3. januar 2009

Lush imponerar!

.
Eg er verkeleg imponert over kor fort eg fekk varene i frå Lush Norge! Varene vart sendt tirsdag, og låg i postkassa mi fredag, til tross for heilagdagar og redusert postgang.

Etter som eg bestilte varer for ein viss sum, fekk eg tilsendt diverse juleprodukt gratis. Nice gesture! :)

Har ikkje prøvd nokon av dei enno, men det skal bli fint å bruke julesåpe utover våren, for å halde på den gode julefølelsen ekstra lenge. Eller kanskje eg berre burde spare dei til neste jul?

Fekk prøvd shampooen (I Love Juicy), balsamen (American Cream) og dusjsåpa (Yummy Yummy Yummy) i dag.

Shampooen imponerte; håret mitt har aldri føltest
reint før! Utruleg deilig! Klarar ikkje heilt å bestemme meg for om eg likar lukta eller ikkje, den minner meg om noko eg ikkje heilt klarar å sette namn på. Skal tenke litt på den...

Balsamen oppførte seg som ein vanleg balsam, men kjentest lettare og litt mindre feit. Godt forklart,
or not. Men lukta var lovely, og overdøyver lukta til shampooen, så no luktar håret mitt fantastisk. Hoho. :P

Dusjsåpa er faktisk Yummy, den snakkar for seg sjølv, og treng inga vidare beskriving... :)

Mitt første inntrykk av Lush er meget bra,
både på leveringstid, service og produktkvalitet.
Hipp Hurra! :)
.

6 kommentarer:

  1. Nice Review darls :) Elsker elsker ELSKER Lush, seriøst jeg lukter jo som en engel nå (ikke det at jeg vet hvordan de lukter :P) å huden er så god å myk åååååååå DIGG!!!!

    SvarSlett
  2. hehe, søta :) må blogge om korleis du likte produkta du kjøpte òg :)

    SvarSlett
  3. D e d so e meininga :P Sku tru eg hadde betalt for å seie ditta her, men hakje d also ;)

    SvarSlett
  4. Lush lukter der same verden over! Same i Leeds som i Vancouver (som i Noreg skjønner eg)! :-)

    SvarSlett
  5. Jepp, tydelegvis :) Kanskje eg skal ta Lush til Stryn? haha :) Det er vel ein dårleg idé sidan alt og alle går konkurs her :(

    SvarSlett