onsdag 31. desember 2008

I 2009 skal eg...

.
Eit nytt år er snart i startgropa, og vi kan starte med blanke ark og prøve å vere flinkare til det ein ikkje har fått til i det forrige. Eg har eigentleg aldri hatt skikkelige nyttårsforsett før, så det er vanskeleg å vite om eg klarar å halde dei. Har difor vore snill med meg sjølv og ikkje talfesta kor mykje meir som er målet, berre det er meir enn før. ;)


I 2009 skal eg prøve å...

  • trene meir
  • spare pengar, og opprette BSU-konto
  • lese meir bøker (og dermed bruke mindre tid foran tv & pc)
  • ete meir frukt og grønnsaker
  • bli meir tolmodig
  • legge meg tidlegare
  • lære meg å strikke (først og fremst sokkar)
  • bli flinkare til å besøke vennane mine oftare

Det eg er mest skeptisk til, er pengesparinga.. Det har eg aldri vore god på!
Vi får sjå kva som skjer, og kor mykje eg sit igjen med på kontoen om eit år. ;)

Kva er dine nyttårsforsett for 2009?
.

4 kommentarer:

  1. eg veit ikkje ka nyttårsføresetta mine er endå, men skal tenke på det iløpet av kvelden ;)

    SvarSlett
  2. hehe, må lage nåken som Kari Jaquesson blir fornøgd med i år då ;)

    SvarSlett
  3. - få meg jobb
    - trene
    - drikke mindre (eventuelt bli sponsa)
    - legge meg tidleg(are) og stå opp tidleg(are)

    Dine vakje så verst då! I fjor slutta eg å røyke, tvila på at noke kan slå det - men får prøve på treningsgreia :p

    SvarSlett
  4. hehe..du må du no vere stolt av å ha slutta å røyke, d e jo d mest meiningslause som finst! ;) Nyttårsforsetta mine e vel ting som eg egentlig tenke på heile året, uavhengig om dei er forsett eller ikkje :P Men får kanskje litt meir motivasjon til å starte iallefall ;)

    SvarSlett