Hadde ein superkoseleg kveld ilag med klassen i går, med fantastisk julebuffet og kjekt samvær på Lægreids-puben. Litt trist og rart å tenke på at vi kun har eit halvt år igjen i lag i Sogndal.. Lurar på kvar vi endar opp neste år?!
Var kjempekoz å køyre heim i dag, med julemusikk i høgtalarane, og snø på alle kantar. Julestemninga kjem snikande. No har eg ferie i 5 veker framover. Kva i alle dagar skal ein finne på? Luksusproblem, I know. Tar eg ikkje heilt feil, så blir eg vel slave for mamma.
Har forresten store planar om å lære meg å strikke sokkar (eit resultat av mitt enorme tjukkesokkforbruk) i løpet av jula, så dersom nokon føler for å vere strikkelæremester må dei berre seie i frå. :) Tar gjerne i mot ferdigstrikka tjukkesokkar òg, dersom nokon vil donere vekk til ein frostpinne. Mogleg eg fryse i hel før eg klarar å strikke sokkane sjølv.
Har du forslag til kva eg kan finne på den neste månaden?
Kan du å strikke sokkar? :D
.
Godt å høre at du er kommet trygt hjem, å må si at det bildet var nydelig, så om hele veien hjem så slik ut så må det ha vært helskjønt :) du har nok nok opp med å gjøre nå i jula snuppa, sikkert masse venner som kommer hjem til Stryn og slikt. Men strikking er et bra tidsfordriv, sokker spesielt vanskelig, så om du lærer helen ordentlig so tell me:P.
SvarSlettMen hele neste måned syntes jeg du skal slape av, kose deg med familie og venner, spise masse god mat og bare kose deg:) det fortjener du<3
Eg er misunnelig på deg som er ferdig på skulen og ferdig med eksamen for ditta semesteret!! :) Eg og vil vere ferdig :)
SvarSlettLanghelg med julemarked, juleverksted, julekaker og søtsaker, skrive julekort... Hvalsafari?
SvarSlettHåper det er sne når vi kommer! :)
Lene: Ntååå.. Takk :) Tippa det blir masse kos :)
SvarSlettElin: Ekje lenge til du e ferdig heller, og du har faktisk et Miami-opphold å sjå fram til, det har ikkje eg ;)
Carina: Lite med kval her i fjorden, men kan no sjå ka eg finne ;) Lova å bestille snø til dåkke kjem :D