søndag 14. desember 2008

So much to do - so little time..

.
Kan ikkje skjønne kvar dagane er blitt av sidan eg kom heim på juleferie.. Har jo allereie vore heime i 5 dagar! Dagane har vore innholdsrike, så det er vel difor tida har gått så fort.

Var barnevakt for søte Sara, mens mammaen var hos jordmora, og det var superkoselig. Vi leika og kosa oss, så det gjer eg gledelig igjen :) Cirka sånn såg det ut...

Trudde eg måtte rotfylle hos tannlegen, men det slapp eg heldigvis. Han skulle på julebord den dagen, og fann ut at han skulle vere snill og la meg sleppe med ei vanleg fylling. Det likte både eg og lommeboka mi.

I går var eg på shopping i lag med tanta mi, og kjøpte julegåve til meg sjølv. Eg har leita lenge etter støvlettar, og fann nåken eg likte svært godt, så dei fekk vere med meg heim. Var dei ikkje fine? :)


Det var jo Luciadagen i går òg, så då måtte eg jo bake lussekattar. Dei vart baka med speltmjøl, sidan magen min ikkje toler vanleg kveitemjøl. Om eg skal få seie det sjølv, så vart dei svært gode, og forsvann fortare enn fortast. Det må vere eit godt teikn.


I dag har eg hatt ein veldig kozeleg dag ilag med kjæresten min, merkeleg kor fort ein saknar kvarandre når ein er vande med å vere ilag 24/7. Godt det ikkje er så langt mellom oss her heime heller. <3
.

6 kommentarer:

  1. Du skreiv ingenting om bursdagen min snuppa! Hehe! :-)

    SvarSlett
  2. hehe, har jo laga eige innlegg til deg :-*

    SvarSlett
  3. Ååå eg går å sikkla på dissa skona der eg og, men lommeboka mi har ikkje råda til det:/ Eg vil ha :) % daga med juleferie du....tssss å eg sitt forsatt å les til eksamen :)

    SvarSlett
  4. Kan ønske deg dei til jul vettu :)) Meeen tippa dei har mykje bra sko i Miami òg, ekstra kjekt å ha mykje penga når en ska på tur :) Tar no snart juleferie du òg ;) Masse lykke til med eksamen!

    SvarSlett
  5. Taaaakk! :) I love them! ..men vil ha svarte òg! For dei e knallgode å gå i!!

    SvarSlett