søndag 21. desember 2008

Minijuletre

.
Hadde ein veldig koseleg kveld ilag med Anne Reidun, Larsa, Magnhild og Jan i går, kjempekjekt å "catche up" litt når ein ikkje ser kvarandre så ofte! :) Vart ein stille og rolig kveld på oss, iallefall fram til vi kom ut :P Men
BaseCamp var staaaappfullt og baren underbemanna, så vi kapitulerte tidleg og rusla heim. Trur kanskje det var like greit at kvelden ikkje vart fuktigare, med tanke på dagsformen som ikkje er heilt 100%. Trøtte jenta.

Vi har lenge snakka om at i år vil vi ha eit lite juletre her heime, så i natt tok eg (tydeligvis) saken i eigne hender. Opna ytterdøra tidlegare i dag, og fekk auge på det minste og søtaste juletreet. Hadde heilt gløymt det, men fann det slengande i ei grøft på veg heim i natt, og fann vel ut at det var lurt å ta det med seg heim. :D Trur kanskje resten av familien hadde planar om eit
litt større tre...

Pssst! Dersom nokon saknar eit juletre på denne størrelsen, må dei berre seie i frå. :P
.

4 kommentarer:

  1. hehe, litt kjedelig dersom d faktisk va nåken som eigde d, men då syns eg dei burde tatt litt bedre vare på d ;)

    SvarSlett
  2. hahahaahahahahaha du er så søt <3

    SvarSlett
  3. Eg har fått litt angst no, må jo ha sett fantastisk glupt ut :P heheh..

    SvarSlett