Veit ikkje om det er på grunn av dei få festane eg har vore på, all stillesittinga, eller den "sunne" juledietten... Men no er eg i allefall på god veg til ein eller annan form for influensa. Det verker i heile kroppen, eg er snufsete og feberen har invadert kroppen min. Så no sit eg her og knaskar paracet, kastar i meg mandarinar (vitaminar!), og heller i meg liter på liter med vatn og te (årets favoritt: Eple, kanel og rosin-te). Ein av dei søtaste filmane eg veit om; Kamilla og Tyven, har underholdt meg i dag. Trur den gjor meg litt betre, så kanskje eg må sjå 2'aren òg. Dagens prosjekt er å gjere alt for å få styggedomen ut av kroppen.

Har du eit tips til korleis eg kan bli frisk?
Korleis skal du feire nyttår i år?
.
Awwwww håper du blir bedre snart :) Vi er litt snufsene og sikt her også, men ikke så ille som du har det:)
SvarSlettHåper Jan pleier deg godt nå da :)
KoOz
god bedring! :D
SvarSlettog den teen er nam!
Lene: Får håpe influensaen ikkje tar dåkke òg :) Jan e like snill som alltid <3
SvarSlettKaroline: Takk, d trengst! Dei to siste dagane e te omtrent det einaste eg har fått i meg :)