torsdag 25. desember 2008

Jeg er så glad hver julekveld..

.
Tenk at vi har gleda oss, og forberedt oss så lenge, til ein einaste kveld. Som er over på null komma niks.

Vi hadde ein nydeleg julemiddag, med ribbe, dampepølse, poteter, surkål og kålrabistappe. Og ikkje minst Solo blanda med bittelitt Vørterøl, ein tradisjon farfar introduserte for meg, og eg og pappa har teke vidare. Ingen julemiddag utan!


Meeen det var noko(n) som mangla ved julemiddagen;
lillebror Inge som e i Bergen med kjæresten i jula, vi savna deg!


Etter middagen satt heile familien henslengt i sofaen med tjukkebollamagane sine, men det tok ikkje lenge før gåvene sto for tur. Og berre etter kort tid såg stova bomba ut, papir over alt! Alle vart meir enn fornøgde, vi har nok vore litt for snilde i år òg.

Av ein eller annan grunn var det mykje lilla i mine gåver i år, skal tru kvifor? *plystre*
Sjekk den lilla veska med LILLA verktøy i, haha, I love it! :)


Til kjæresten, vennar, venninner, søsken, foreldre, svigers,
søskenbarn, tanter, onklar og bestemødre;


Tusen tusen tusen takk for alle julegåvene! <3
.

6 kommentarer:

  1. oi oi oi julenissen var veldig snill med deg i år :D

    SvarSlett
  2. eg skjønna ikkje ka som er godt med vørterøl og solo? I alle fall ikkje om blandinga er 50/50, men kanskje om det er 80 med solo og 20 med vørterøl, men likevel..? Det er for meg eit lite mysterium. Her er det også eit must med vØRTErøl og solo for mange. Eg må vel lære meg å like det også, sånn som kaffi - for å bl i vaksa?

    SvarSlett
  3. Lene: Ja, heilt utrulig :)

    Birgit: hehe, 80/20 e cirka det forholdet eg bruka. E vel kanskje nåke med at ein har vakse opp med det, ekje sikkert at eg hadde likt det om eg hadde smakt det for første gong no. Men du må no prøve. ;)

    SvarSlett
  4. mamma fikk helt maken verktøysett....i ♥ it...hehe

    SvarSlett
  5. Trur eg skal bli handy, må no d no når eg har utstyret i orden ;)

    SvarSlett